Politikk og samfunn

«Sjokoladebollen var dømt til å tiltrekke seg barn – det betyr ikkje at det var feil å lansere han»

Anette Fadnes Marcussen argumenterer for at Oskar Westerlin ikkje gjorde noko feil då han lanserte sjokoladebollen sin.

Anette Fadnes Marcussen (22)
Publisert
Oppdatert 12.05.2023 09:05

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Då eg oppdaga Oskar Westerlin var han ein humorkanal på TikTok.

Han tulla masse, var høglydt og snakka masse om naboen sin. Dette innhaldet kom fram som morosamt og guttete, og eg ser for meg at veldig mange av dei som såg på var små gutar som likte den mandige humoren til Westerlin, nettopp fordi eg var ein av dei som likte nettopp det.

Sakte men sikkert blei publikummet til Westerlin større, og det blei mindre av tullevideoane hans. Gitt, tullevideoane er framleis der innimellom, og tull og tøys har alltid vore ei av Westerlins sterkare sider. Sjølv i videoane om laginga av sjokoladebollane får han inn humor.

Det er dette som er ein del av sjarmen til Westerlin, og kanskje ein av grunnane til at han har blitt så stor som han har no.

Den sjeldne sjokoladebollen

Sjokoladebollen til Oskar Westerlin har fått både gode og dårlege tilbakemeldingar. Barn og ungdommar har fylt opp butikkar tidleg på morgonen berre for å få tak i bollen.

Då eg skulle kjøpe ei den første måndagen kom eg til ein tom boks og ein pappfigur av Westerlin som sa «sjukt mye sjoko i en bolle!» Mannen bak kassa såg at eg leita litt og spurte:

«Finner du alt du leter etter?»

«Ja, eller, har de fleire sånne bollar igjen?» Eg peika mot pappfiguren.

«Nei, de ble utsolgt ganske tidlig,» sa han. «Det var noen unger som kom og kjøpte altfor mange.»

Eg nikka, litt fortvilt då eg er veldig glad i bollar, spesielt med sjokolade på. Eg skjønte at eg måtte ganske tidleg opp for å få tak i den.

Det eg eigentleg vil fortelje om, er ikkje vanskegraden på å få tak i bollar, eller kor god eller vond den var. Eg fekk tak i bollen etter kvart, og skjønte med ein gong kvifor ungar hadde storma butikkar landet rundt. Det leiar meg til poenget mitt:

Var det feil av Westerlin å reklamere for barn?

Full og tull

Det synest Ragnhild Kaski, som i VG skreiv om sjokoladebollen til Westerlin i ein kommentar. Poenget hennar i kommentaren «Viser frem fyll for 11-åringer», var at det er «flaut og problematisk» at han lagar innhald om å bli «drita full».

Ho skriv at influensarar har stor påverkingskraft, spesielt på unge menneske, og at Oskar Westerlin viser kor effektivt han når ut til gutar i tenåra og enda yngre – ved å lansere sjokoladebollen.

Ho skriv: «Etter han lanserte en sjokoladebolle med navnet sitt på, har vi lest om gutter som blir kjørt av foreldrene fra butikk til butikk for å sikre seg en bolle før hyllene tømmes, og om horder som har møtt opp i håp om å se idolet sitt.»

Ho fortset: « … innholdet Westerlin deler består ikke bare av boller og brus. Det består i langt større grad av alkohol og fyll.»

Med dette siktar ho til podkasten Kontoret som Westerlin leiar saman med kompisen Snorre Klanderud. Kvar søndag kjem det ein gjest på programmet deira som dei intervjuar og ja, kanskje tar seg ein øl med. Det som verkeleg er problematisk er at Kaski skriv at alkoholinntaket er i «hver episode», noko Oskar Westerlin sjølv har sagt i mot og svart på i form av ein Reels-video på Instagram.

Mindreårige er ikkje hovudmålgruppa

I videoen snakkar han mest om alkohol, målgruppa si og korleis det kjem fram for eit yngre publikum.

For Westerlin har ein del yngre sjåarar, men dei er i kraftig mindretal mot Westerlins faktiske målgruppe: menn mellom 18 og 30. Mange av episodane av Kontoret er og merka med 18-årsgrense. Westerlin viser statistikk i Reels-videoen som seier at berre 5 % av publikummet som ser desse videoane er under 18.

Poenget eg prøvar å få fram her er at sjølv om videoane til Westerlin trakk, og fortset å trekke til seg unge folk, betyr ikkje det at det er dei einaste som ser på. Som Westerlin sa sjølv så er dei aller fleste som ser på over 18.

«Det at barn liker min sjokoladebolle, det betyr ikke at jeg i hovedsak lager innhald retta mot barn. Det er snarare tvert imot,» seier Westerlin.

Han kan heller ikkje stoppa mindreårige i å sjå videoane, sjølv om han åtvarar med ei 18-årsgrense. Innhaldet hans på både Instagram og TikTok er nesten berre retta mot menn mellom 18 og 30, men eg skjønar godt kvifor det og appellerer til yngre folk, spesielt gutar.

Sjokoladebollen var dømt til å tiltrekke seg barn, men det betyr ikkje at det var feil å lansere han. Mange av dei som kjøpte bollen er fans av Westerlin, meg sjølv inkludert, men eg kan garantere at eg hadde kjøpt den uansett kven sitt fjes som var på innpakninga.

Hovudpublikummet til Westerlin er vaksne menn, og hovudinnhaldet hans er retta mot vaksne menn. Kvifor er det feil å prøve noko nytt? Det var ein veldig god måte å tene pengar på og å nå ut til eit større publikum.

Eg hadde gjort det same. Hadde ikkje du?