Politikk og samfunn

«Avgiftskutta må bli den nye normalen»

– Vi treng ikkje ei regjering som først gjer kvardagen dyrare og deretter presenterer ulike støtteordningar som løysinga. Folk er betre tente med å få behalde ein større del av si eiga inntekt frå starten av, skriv Mathias Heian Ræmisch frå FpU.

Mathias Heian Ræmisch (19)
2. vara Vestland FpU
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Tidlegare i år vedtok Stortinget å redusere drivstoffavgiftene. Frå 1. april vart vegbruksavgifta sett til null. Det reduserte avgiftene på bensin med om lag 4,41 kroner per liter og på diesel med om lag 2,85 kroner per liter dersom avgiftskutta slo fullt ut i pumpeprisen.

Det er gode nyheiter for familiar, pendlarar og alle som er avhengige av bilen i kvardagen.

Samstundes viser det at politiske vedtak faktisk har betydning for økonomien til folk.

FrP var med på å sikre fleirtal for avgiftskutta. Resultatet ser vi på pumpene. Lågare avgifter betyr lågare kostnadar og meir pengar att i lommeboka til vanlege folk.

Difor må desse avgiftskutta førast vidare og gjerast permanente.

Staten treng ikkje stadig større inntekter frå skattar og avgifter når mange hushald framleis kjenner på høge renter, auka matprisar og ein dyrare kvardag.

FrPs utrekningar, basert på tal frå SSB, viser at hushalda i snitt sit att med om lag 77 kroner meir i året under Støre-regjeringa. Då VG undersøkte påstanden, stadfesta SSB at FrP hadde summert utviklinga i den disponible realinntekta korrekt.

Utgangspunktet bør vere enkelt. Pengane høyrer til dei som har tent dei. Oppgåva til staten er å finansiere nødvendige fellesoppgåver, ikkje å krevje inn mest mogleg for deretter å dele pengane ut att etter politiske prioriteringar.

Vi treng ikkje ei regjering som først gjer kvardagen dyrare og deretter presenterer ulike støtteordningar som løysinga.

Folk er betre tente med å få behalde ein større del av si eiga inntekt frå starten av.

Samstundes blir det brukt milliardar på prosjekt som etter FrP sitt syn bør prioriterast lågare enn helse, eldreomsorg, politi og skule. Eksempel er store bistandsløyvingar og kostbare subsidiar til ulønsam havvind. Når våre viktigaste velferdstenester framleis har store utfordringar, må staten prioritere kjerneoppgåvene først.

Drivstoffavgiftene viser at ein annan politikk er mogleg.

Når staten tek mindre, får folk meir. Det er god politikk.

Difor vil FrP halde fram med å kjempe for lågare skattar og avgifter, mindre sløsing og meir fridom for vanlege folk. Avgiftskutta må ikkje bli eit mellombels unntak. Dei må bli den nye normalen.