Identitet

«Det å bli tatt seriøst som kunstnar er noko Swift fortener»

Taylor Swift har vendt seg til jentene kvar gong, og i 2023 har me for alvor sett at det løner seg, skriv Linn Isabel Eielsen.

Linn Isabel Eielsen (23)
Teikneserieskapar og «swiftie»
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Eg levde både barndom og tenåra på rommet mitt. Rommet var ein stad der eg hadde plakatane mine, instrumenta, teiknesakene og bøkene mine. Alle tinga var pollettar for andre verder som var meir spennande enn mi eiga. For medan dei andre var ute, på besøk, på fest – var eg heime og drøymde om kva eg ein dag kunne bli i framtida.

Musikksporet til denne tida var Fearless, det andre albumet til Taylor Swift, eit album som handlar mykje om nettopp det å drøyme. 

Eg var ikkje den einaste jenta som sat på rommet mitt og venta. Vi var mange, truleg fleire enn nokon av oss trur. Det er ein trist, men trøystande tanke at det å kjenne seg aleine er ein så universell ting.

Årets person

Eg har aldri brydd meg særleg om Time sin årets person-pris. Du treng ikkje å ha gjort noko bra for å ende der. Tidlegare vinnarar er for eksempel Hitler, Stalin og American Women som ein heilskap. I år var diktatorane i Kina og Russland nominert.

Men eg klagar ikkje når sigeren betyr at Swift stiller opp til eit sjeldan djupneintervju som eg får lese gratis. Dessutan er alle personar Time har kåra til årets person folk som blir tatt seriøst (kanskje utanom American Women).

Det å bli tatt seriøst som kunstnar er noko Swift fortener, og har fortent lenge.

For jente

Taylor Swift har fått kritikk for å berre skrive om kjærleik, vere for barnsleg, vere for jente. Kunstnarar som skapar for jenter, har ein tendens til å bli utsette for kritikk få andre artistar treng å tenkje på. Det å vere jente har ikkje vore kult. Det har vore noko ein burde skjule. Det som var kult, var å vere ein av gutane, og helst ikkje vere som dei andre jentene.

Music Video Wink GIF by Taylor Swift

Taylor Swift i musikkvideoen til låten «The Man».

 

Diskursen om det å vere jente har gått på høgt volum i år. Vi som levde gjennom plakatar, bøker og filmar, går no saman ut av huset for å sjå Barbie, og me tar AUX-en på fest. Dette er første gong i mitt liv at eg ser mine eigne interesser bli tatt seriøst.

Taylor Swift er ei kvinne, som har bygd karrieren sin på å vere ei jente. Ho har tatt eventyr, kjolar og pop seriøst, og skapt eit univers der jenter kan vere jenter. Etter musikkatalogen hennar blei seld utan hennar samtykke i 2019, har ho bygd karrieren vidare på å vere ei kvinne. Ho har aldri vendt seg til det mannlege publikummet, prøvd å imøtekome dei, lage musikk for dei eller dansa for dei, noko som forklarar kvifor så mange er så sinte på ho. Taylor Swift har vendt seg til jentene kvar gong, og i 2023 har me for alvor sett at det løner seg. 

quote-left

Dette er første gong i mitt liv at eg ser mine eigne interesser bli tatt seriøst.

quote-right

Set ord på kjenslene

Musikken Taylor Swift lagar er relaterbar. Det kan verke merkeleg at så mange jenter relaterer seg til ei dame som går raud løpar, vinn prisar og samlar rekordar som pokémon-kort. Eg trur det handlar om at sjølv i suksessen, har ho skrive om kjenslene av å ikkje passe inn, og redsla for at alt ein har fått til kan falle saman når som helst.

Som ho syng i Mirrorball: «I’ve never been a natural, all I do is try, try try».

Det høyrest sinnssjukt ut, at det mest suksessfulle mennesket i verda kan meine noko sånt om seg sjølv, men det viser også at kjenslene er vanlege.

Dersom til og med ho står i spegelen og tenkjer at ho er eit monster on a hill, må det vere det tydelegaste beviset i verda på at angsten ikkje har noko med realiteten å gjere. Ho set ord på kjenslene, gjer dei om til fengande musikk og blir dermed eit knutepunkt for alle som kjenner seg aleine.

Noko for alle

Sidan 2020 har ho gitt ut sju album, i tre ulike sjangrar. Tre av desse har vore nye originalalbum, og fire har vore nyinnspelingar. Etter ho blei nekta å kjøpe rettane til musikkatalogen sin frå Big Machine Records, bestemde ho seg for å spele inn all musikken sin på nytt. Dei nye variantane har songar som er nesten prikk like originalane, og ho har lagt til songar som ikkje kom med på originalalbuma.

Dette gjer at ho er aktuell med sju forskjellige album, på same tid. Katalogen hennar har noko for omtrent alle som er villige til å gi det ein sjanse.

  • Folklore, 2020, FOLK
  • Evermore, 2020, FOLK
  • Fearless (Taylor’s Version), 2021, COUNTRY
  • Red (Taylor’s version), 2021, COUNTRY
  • Midnights, 2022, POP
  • Speak Now (Taylor’s version), 2023, COUNTRY
  • 1989 (Taylor’s Version), 2023, POP

Ikkje på elefantkyrkjegarden

I dokumentaren hennar frå 2020, prata ho om det å bli 30, og korleis karrieren til kvinnelege popartistar vanlegvis stoppar der. Ho rekna med at det kom til å skje med henne og.

Det er fire år sidan, og om det var nokon tvil før, har Swift blitt eit levande bevis på at kvinner over 30 ikkje høyrer til på ein elefantkyrkjegard. Eg pleidde å vere redd for det same: At eg hadde dårleg tid fordi ingen kom til å høyre på meg når eg bikka tretti. Å sjå Taylor Swift gjer meg rolegare. Ho gjev meg håp for at livet er langt og uføreseieleg.

Netflix Smile GIF by Taylor Swift

Taylor Swift i dokumentaren «Miss Americana».

 

Neste år skal eg levere bachelor, jobbe med eit spennande jobbprosjekt, og sjå min fyrste Taylor Swift-konsert saman med ein haug vennar. Vegen frå å sitje aleine på rommet med tinga mine, til å setje meg i den bilen til Stockholm neste år … Vegen har vore lang, men han er symbolsk, og han er verdt det. Og han hadde ikkje vore like gøy utan Taylor Swift sin musikk.