Taylor Swift trendar etter Google-gåter

Google-søk for Taylor Swift trendar (meir enn vanleg), etter at fansen har tatt til søkemotoren for å prøve å avsløre dei nye låtane hennar.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

«You can tell me when the *search* is over… if the high was worth the pain.😎»

Fekk du med deg den kryptiske meldinga Taylor Swift la ut på Instagram i går saman med ein video av ein blå safe?

Setninga er eit tydeleg hint til låten Blank Space frå hennar femte album 1989. Albumet frå 2014 blir gitt ut på nytt, i ein såkalla Taylor’s Version 27. oktober. Songaren har avslørt at det kjem til å innehalde fem låtar som ikkje kom med på originalen, såkalla «vault tracks», eller «spor frå kvelvet» på nynorsk.

I tillegg vil det kome eit bonusspor på ein eksklusiv venylversjon.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Taylor Swift (@taylorswift)

Fansen har sidan annonseringa av albumet prøvd å finne ut kva desse låtane heiter. Swift skal ha skrive fleire låtar som ikkje fekk plass på 1989, som enda med å innehalde nokre av hennar største hits, deriblant Shake It Off, nemnde Blank Space og Wildest Dreams.

1989 var albumet som verkeleg sette Swift på kartet som popartist – som ho syng i førstesporet på plata: «Its a new soundtrack. I could dance to this beat.»

Google-gåter

Taylor Swift er kjent for å gi hint, såkalla easter eggs, til fansen. Det kan vere i alt frå antrekk, til sosiale medium-postar og innhald i musikkvideoar. Og swifties elskar å bryne seg på desse hinta.

No har artisten lansert ei rekke ordgåter hjå søkemotoren Google for å hjelpe dei på veg i jakta på kvelvlåtane.

Google oppmodar fansen til å søke på «Taylor Swift» i «the blank space», altså søkefeltet. Når ein gjer det, vil det poppe opp ein blå safe på sida. Det finst 89 ordgåter, og fansen må løyse 33 millionar slike gåter for å låse opp kvelvet og få svaret dei ventar på, nemleg titlane på kvelvlåtane.

Jobba på, Swifties. Det er nokre gåter att å løyse.

Søketrend

Etter suksessen med albumet Midnights og The Eras-turneen, som førre veke resulterte i heile ni VMA-prisar, er det ikkje sånn at Taylor Swift desperat treng å auke kor synleg ho er på Google.

Uansett, søket på namnet hennar trendar kraftig.

I USA er det heilt på topp, følgt av «Taylor Swift vault puzzle» på Google Trends. (Her i Noreg er vi framleis mest opptekne av Manchester City og anna fotballstoff, men så kan jo Haaland seiast å vere vår Taylor Swift popularitetsmessig.)

Mange har klaga over at dei ikkje får ordgåtene til å fungere. Etter lanseringa, måtte Google gå ut og beklage at det krasja, og lova at dei var på saka.

Nyinnspelingar

Taylor Swift gir ut sine seks første album på nytt for å eige musikken sin etter at Big Machine Records selde masteropptaka hennar til Scooter Braun i 2019, som seinare selde dei vidare. Swift var sterkt imot dette, og annonserte at ho ville spele inn albuma sine på nytt.

Så langt har Fearless, Red og Speak Now fått ein Taylor’s Version. Neste ut er altså 1989. Også for Fearless og Red gav Swift fansen ordgåter å løyse for å avsløre kvelvspora.

Fan-teoriar

I «arbeidet» med å finne ut av kva nytt Taylor Swift vil lansere, har det dukka opp mange teoriar. Fansen spekulerer på TikTok og Instagram i om det finst ein låt som heiter 1989, slik som tittelen på albumet. Det er òg året Swift er fødd.

Det blir vidare spekulert i om albumet vil innehalde samarbeid med andre artistar. Namn som har dukka opp er mellom anna Selena Gomez, Jonas Brothers og Nicki Minaj.

Fleire fans drøymer òg om ein versjon av låten Style der Harry Styles er gjesteartist. Mange meiner låten handlar om forholdet mellom Taylor Swift og Harry Styles.

Ein låt er derimot allereie «avslørt». I videoklippet Swift posta på Instagram, kom bokstavane T, S, U og L ut av safen, saman med hermeteikn og eit ropeteikn. Mange trur difor at vi kan vente oss ein låt som heiter «Lust!», eller eventuelt «Slut!»

Oppdatering: Like før klokka 14 norsk tid kan Taylor Nation, som er Taylor Swift sitt management, avsløre på Instagram at kvelvet er opna. 33 millionar gåter er altså på mindre enn eit døgn blitt løyst av ivrige fans, og fire låtar er avslørt:

Is it over now?

Now that we don’t talk

Say don’t go

Suburban legends

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Taylor Nation (@taylornation)