«Me har ikkje råd til å vente lenger»
Ein veit aldri når ein sjølv eller nokon ein er glad i, plutseleg står i ein situasjon der ein hadde trunge meir kunnskap, skriv Eline Holbø (16).
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Ein lærer for lite om psykisk helse i grunnskulen. Det er ikkje berre eit problem. Det er ein nødssituasjon.
Me treng kunnskapen
Som barn og ungdommar blir me kasta ut i verda, nesten uvitande om korleis me kan støtte, hjelpe og forstå andre, og oss sjølve.
Det synest eg er uakseptabelt.
Ikkje berre fordi temaet er viktig, men fordi me unge treng kunnskapen.
Kven av oss har aldri møtt nokon som har slite med mental helse? Me må alle til tider stå i situasjonar der me er påverka av menneske rundt oss som har det vondt. Enda får vi lite til inga obligatorisk opplæring rundt kva pårørande skal gjere for å støtte sine nærmaste.
Derfor lurer eg: Kvifor lærer me eigentleg så lite om kva ein skal seie og gjere for å hjelpe i slike situasjonar?
Vi bør kunne meir
Over ein million norske statsborgarar tok imot helsehjelp for problem knytt til psykisk helse og/eller rusmiddelbruk i 2024, ifølge Helsedirektoratet.
Det er nesten ein femtedel av oss. Ikkje berre ei lita gruppe. Éin av fem.
Likevel får me så lite opplæring rundt psykisk sjukdom i grunnskulen at det berre blir overflatisk. Som om det ikkje angår oss alle. Og nei, det angår ikkje alle direkte, men me kjenner alle nokon, eller så kjenner me nokon som kjenner nokon.
Altså: Norges befolkning bør kunne meir om både psykisk helse og psykisk uhelse.
Er det eigentleg sjokkerande at me slit med å snakke om det som er tungt, når me berre får grunnleggjande tips om kva ein skal gjere når livet er vanskeleg?
Må inn i læreplanen
Eg meiner at meir læring om psykisk helse, psykisk uhelse og pårørande si rolle må bli ein del av den obligatoriske læreplanen i grunnskulen.
Per i dag er nemleg ikkje psykisk helse eit eige tema i opplæringsplanen. Det vert ofte snakka om under andre tema som «folkehelse og livsmeistring». Likevel er det ingen krav om dette.
Det er ikkje nok.
Dessutan treng me ikkje berre teori. Me treng praktisk kunnskap frå menneske med kompetanse. Frå dei som har slite sjølv, og ikkje minst frå pårørande.
Me har ikkje råd til å vente
Mykje kan bli gjort.
Me kan lære meir av/om organisasjonar som Mental Helse Ungdom og LPP (pårørande innan psykisk helse). I tillegg kan denne typen læring integrerast i fag som engelsk, naturfag og samfunnsfag.
Små tiltak kan gjere mykje.
For psykisk sjukdom, det har ikkje tidsskjema. Ein kan slite som 2. klassing, 36-åring, 90-åring, eller når som helst imellom. Ein veit aldri når ein sjølv eller nokon ein er glad i plutseleg står i ein situasjon der ein hadde trunge meir kunnskap.
Me har ikkje råd til å vente lenger. Skulane må ta ansvar. Politikarane må ta ansvar. Kunnskapsdepartementet må ta ansvar.
Og me som ungdommar og samfunn, me må krevje at dette blir tatt på alvor.






