«SU gamblar, og ofrar alt på grønt»
«Vi er einige i at klimakrisa er eit stort problem, men det er ikkje eit problem Noreg reddar åleine,» skriv Alexander Grimstad i FpU.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Når delar av venstresida vil leggja ned den norske olje- og gassindustrien, speler dei høgt med framtida til AS Noreg. Problemet er berre at dei ikkje speler med eigne pengar. Dei speler med energitryggleiken til Europa, 200 000 norske arbeidsplassar og ikkje minst heile den norske økonomien.
Framleis behov for olje
For å leggja ned oljenæringa bruker Sosialistisk Ungdom (SU) argumentet om at behovet forsvinn som følgje av EUs klimamål. Det dei derimot ikkje innser, er kor stort behov Europa faktisk har, og at politikken deira er langt farlegare for oljenæringa enn eit utfall der Europa på utruleg vis skulle nå alle måla sine. EUs behov for olje frå 2025 til 2050 om dei når klimamåla sine, er nemleg nesten 3 og ein halv gonger høgare enn det Noreg klarer å produsera – om me held fram med leiting.
Eit slikt umetteleg behov som Europa har, klarer ikkje Noreg å metta, og ein må også innrømma at produksjonsutsleppa blir store ved slikt forbruk. Her er Noreg best – me har dei desidert lågaste produksjonsutsleppa i verda. Samanliknar me oss med USA og Kasakhstan som EU også importerer mykje av olja si frå (høvesvis 1. og 3. plass) ser me at olja vår er meir enn dobbelt så rein samanlikna med USA sin, og meir enn seks gonger så rein som Kasakhstan sin.
200 000 arbeidsplassar
Og kva blir konsekvensen om me plutseleg seier stopp til å eksportera olje til Europa? Behovet deira blir ikkje mindre. Det blir i staden dekt av både desse og andre land med høgare utslepp, som gjerne har langt verre arbeidsvilkår. Det er eit klima- og menneskefiendtleg utfall me i FpU ikkje kan støtta, og det gjer SU sitt standpunkt vanskeleg å tolka som anna enn dobbeltmoralsk.
Men SU risikerer ikkje berre europeisk klima og energitryggleik. Dei risikerer arbeidet til over 200 000 tilsette. Både dei som jobbar på sjølve oljeriggen, på verkstad med utstyret, og på selskapskontoret. Draumen deira (det blir referert til innlegget eg svarer på) er at arbeidarane skal over i næringar som havvind, og dei viser til eit innlegg frå ei fagforeining for naturvitarar og studentar for å argumentera for saka. Næringa og dei som faktisk jobbar i næringa, verkar det derimot som at SU har gløymt.
Som snart lærling i bransjen sjølv, opplever eg denne draumen som heilt feilslått. Omstillinga er ikkje «berre-berre», sjølv om arbeidet i begge tilfelle går føre seg på havet. Kompetansen me bruker år på å byggja opp både praktisk og teoretisk, er i verdsklasse, og spesialisert mot utstyr og operasjonar relevante for petroleumsutvinning. Det er ikkje berre å flytta tusenvis mellom næringane fordi begge jobbar går føre seg til havs. Det vil for mange krevja ei heilt ny utdanning.
I tillegg er ikkje næringa dei blir omstilt til økonomisk forsvarleg. Prosjekta kostar fleire titals milliardar av folks skattepengar i subsidiar, og er framleis ikkje lønnsame utan ytterlege enorme summar i statleg støtte. Utsira Nord er eit slikt prosjekt. Det ligg an til ein prislapp på 35 milliardar kroner i subsidiar, 3 milliardar meir enn heile Noregs politistyrke kostar i året. Dette er sløsing av folks pengar og set grunnlaget for økonomi og velferd under press.
Vekk frå symbolpolitikk
I FpU meiner vi at vi skal prioritera klimatiltaka som gir mest effekt for pengane, ikkje dei tiltaka som krev gambling av skattebetalaranes pengar og ender opp meir symbolsk enn fungerande.
Vi er einige i at klimakrisa er eit stort problem, men det er ikkje eit problem Noreg reddar åleine, slik politikken til SU ser ut til å framstilla det. Det krev at land som USA, Kina og India, som åleine produserer over halvparten av verdas CO₂, omstiller seg. Ikkje at Noreg, som berre produserer o,1 prosent av CO₂-en i verda, øydelegg økonomien sin og risikerer energitryggleiken til eit heilt kontinent, ved å legga ned den reinaste olja i verda. Ei olje som aktivt bidreg til mindre utslepp på det europeiske kontinentet ved at EU slepp å skaffa energien sin frå land som produserer seks gongar så mykje CO₂ som oss per liter olje utvunne.
Vi ser dei tydelege økonomiske, tryggleikspolitiske og klimavenlege fordelane norsk olje- og gassnæring har. Difor er vi den største forkjemparen for framleis norsk olje- og gassutvinning.
Då er spørsmålet mitt til SU: Kor mange symboltiltak skal vi gjennomføra, energikjelder skal vi legga ned, og kor mange fleire milliardar av skattebetalaranes pengar skal vi sløsa vekk på gambling når det er norsk økonomi og europeisk tryggleik som står på spel?






