Vil lage den beste skulen i landet
Vågå satsar på livskompetanse.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei kallar det ”Vaken og Vågal i Vågå”. Livskompetanse, Vågå-kompetanse og Fagkompetanse, er del av samfunnsutviklingsprosjektet.
Med på lasset er ressursar som Arne Brimi og Morten Krogvold.
Målet er at elevane skal verte ”integrerte” menneske, og glade i heimstaden sin.
Vågå-modellen
Dei fem kommande åra skal skulen utvikle seg, etter den unike Vågå-modellen. Modellen er utvikla av professor i musikkvitskap Jon Roar Bjørkvold.
– Modellen er tredelt, og består av Livskompetanse, Vågå-kompetanse og Fagkompetanse, fortel prosjektleiar Hanne Blåfjelldal.
Livskompetanse er Gleda ved å leve, Motet til å skape, Evna til å lære, Trongen til å leike og Krafta til å vekse. Vågå vil utvikle kompetansen, ved at elevane får bruke heile kroppen, begge hjernehalvdelane og alle sansen for å lære. I kvardagen kjem dette fram gjennom sterk satsing på kulturskulen, og mykje uteskule.
Fagkompetanse er Munnleg norsk, Lese, Skrive, Regne og IKT som reiskap. Vågå-Kompetanse er Natur, Foto, Mat, Musikk og Handverkstradisjonar.
– Arne Brimi har vore med på mat-delen, og har mellom anna introdusert barnehagebarn for eit vel av smakar, forklarar Blåfjelldal.
Elevane
– Det har nok vore litt debatt rundt skuleprosjektet, fortel to av demokratiagentane i Vågå, Livia Hølmo og Natalie Lillebråten.
– Folk tykkjer kanskje det er litt unødvendig, når kommunen til dømes legg ned grendeskular.
LES OGSÅ: Gode skular gjev høge bustadprisar
– Sjølv om vi ikkje har merka så mykje til det enno og prosjektet kanskje ikkje er heilt i gong, tykkjer vi i alle fall det er positivt at kommunen satsar på skulen, seier Natalie og Livia.
Heilskapen
– Vi trur mange foreldre vel bustad gjennom borna, så då er kvalitet i skule og barnehage heilt avgjerande, fortel Blåfjelldal. Ho trur mange distriktskommune har vore for opptekne av kor mange skuler dei skal ha i kommunen, heller enn innhaldet i skulekvardagen. – Ei utfordring med eit slikt prosjekt er jo å forankre det hjå alle i kommunen, så det har vi veldig mykje fokus på, forklarar Blåfjelldal.
Vågå i verda, og verda i Vågå er ein av pilarane i prosjektet. For sjølv om skulen i Vågå skal fokusere på det lokale, er det viktig at kommunen er ein del av verda. Hanne Maren Blåfjelldal underviser sjølv halvparten av tida, og får gode attendemeldingar frå kollegaene sine.
Resultata
Det er fleire kommune som arbeidar med skuleutvikling. Vågå meiner skuleutviklingsprosjektet deira skil seg frå andre prosjekt, ved å måle meir enn akademiske resultat. Det er lettare å måle kor godt skulen maktar å nå måla i læreplanen, enn det er å måle slik som livskompetanse.
LES OGSÅ: Her er Noregs beste ungdomsskule
– Vi ynskjer oss lukkelege og positive innbyggjarar, som er glade i heimplassen sin, fortel Blåfjelldal. Dette vil Vågå å måle på sikt, til dømes gjennom faktorar som innbyggjartal, arbeidsdeltaking, fråvall i vidaregåande skule og helsestatistikkar.
– Vi er i kontakt med ulike forskningsmiljø for å evaluere satsinga, fortel Blåfjelldal. Vågå vil óg finne ut om prosjektet har nasjonal overføringsverdi.
Kva trur du skal til for å laga Noregs beste skule?