Vil gi ekstrapoeng til nynorskelevar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sosialistisk venstreparti sette i haust ned ei eiga nynorsk-gruppe for å koma med ei fråsegn til forslaget til nytt norskfag frå Utdanningsdirektoratet. Sentralstyret har no gjeve tilslutning til denne. Laurdag vil fråsegna bli diskutert på landstyremøtet i partiet.

Nynorskgruppa og sentralstyret går inn for at både hovudmål og sidemål bør vurderast med eigen karakter. Dei understrekar at utan ei sjølvstendig vurdering i sidemålskunnskapen ikkje er i tråd med SVs mål om å ”styrkje nynorskopplæringa både som hovud– og sidemål”.

Før framlegget til Utdanningsdirektoratet blir lagt ut på høyring, skal Kunnskapsdepartementet koma med ei prinsipiell tilbakemelding.

– For partiet er det ikkje aktuelt å ta vekk karakteren, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane SV, Hege Lothe. Ho viser til at ni fylkeslag har fatta positive vedtaka i saka.

LES OGSÅ: Blir betre i bokmål av å skriva nynorsk

Har ikkje konkludert
Eit anna av dei kontroversielle forslaga til Utdanningsdirektoratet er å innføra ulike kompetansemål for hovudmål og sidemål. Her har partiet førebels ikkje konkludert.

Men nynorskgruppa og sentralstyret set krav til ein får synleggjort den ekstra kompetansen elevar med nynorsk hovudmål vil sitja på. Dei meiner den beste måten å løysa dette på er å innføra eit ekstra studiepoeng for elevar som held på nynorsk hovudmål gjennom heile vidaregåande i studieførebuande utdanningsprogram. Dette er det same kravet som Noregs Mållag tok til orde for tidlegare i år.

I framlegget til fråsegn heiter det òg at kompetansemåla for sidemål må bli tydelegare og høgare enn i høyringsutkastet.

Tidlegare skrivetrening
Nynorskgruppa til partiet meiner at grunngjevinga for kvifor ein skal ha sidemål er for svak og instrumentalistisk, og føreslår ei betre grunngjeving for kvifor elevane bør læra begge målformene. Dei meiner òg at det er positivt at det blir stramma inn på omfanget i læreplanen.

Partiet meiner òg det er positivt å styrke kompetansemål for sidemålet i grunnskulen, men meiner at desse bør styrkjast ytterlegare. På sjuande trinn bør elevane ha skrivetrening i både hovudmål og sidemål, og dette bør ikkje bakast inn i eit felles kompetansemål med skriving på dialekt og gruppespråk.