Tar fram kommunepisken i 2017

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tar fram pisken i 2017

Regjeringa lokkar med gåver og romslege støtteordningar for å få kommunane til å slå seg saman. Men dei kommunane som ikkje lar seg overtale, må rekne med heilt andre verkemiddel frå 2017.

Ein god bunt med gulrøter, men også eit ris bak spegelen. Det er hovudelementa i planen kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner har for å reformere Kommune-Noreg.

Sanner ønskjer seg mykje større og meir robuste kommunar enn i dag og meiner det trengt for å sikre innbyggjarane gode nok velferdstenester i framtida. Dessutan styrkjer det lokaldemokratiet.

– Kommunereforma kjem uansett. Spørsmålet er når. Vi bør gjennomføre denne reforma no framfor å vente til vi må, for da blir det mykje meir smertefullt, seier Sanner.

Gåver

Sanner kan tenkje seg å ha fleire økonomiske godbitar på lur til dei kommunane som vil slå seg saman, og gåvene skal vekse i takt med kor store samanslåingane er.

Dei samanslåtte kommunane som får eit innbyggjartal på 10.000, skal få ei reformstøtte på 5 millionar kroner. Blir innbyggjartalet enda høgare, aukar støtta enda meir – opptil 30 millionar kroner.

– Dette er ei gåve som kommunane kan bruke til kva dei vil, seier Sanner.

Han vil halde på inndelingstilskotet, slik at dei samanslåtte kommunane kan halde fram med å få tilskot som om dei framleis var to eller fleire kommunar, i 15 år framover. Etter den tid skal basistilskota fasast ut over fem år.

Staten skal også dekkje dei nødvendige eingongskostnadene ved samanslåinga.

– Tvangsinvitt

Kommunalministeren seier dei nye kommunekarta først og fremst skal teiknast lokalt, men gjer det klart at han sjølv kjem til å ta blyanten i hand i 2017 dersom kommunane set seg på bakbeina.

– Ingen enkeltkommunar skal kunne stoppe endringar som er ønskte og tenlege ut frå regionale og nasjonale omsyn, seier han til NTB.

Senterpartiet (Sp) meiner det Sanner seier om fri vilje og kommunale prosessar som grunnlag for kommunereforma, no er avkledd.

– No har Sanner tatt fram pisken. Dette er ein tvangsinvitt. Vil du ikkje, så skal du, er hans beskjed til kommunane, seier Heidi Greni i Sp.

Ho seier at Sp vil kjempe for frivilligprinsippet i Stortinget.

Folkerøysting

I Senterpartiet reagerer dei òg på at regjeringa vil oppfylle lovkravet om å høyre folkemeininga gjennom ei spørjeundersøking i staden for lokale folkerøystingar. Regjeringa meiner eit slikt spørjeskjema kan gi kommunestyret eit betre vedtaksgrunnlag enn ei folkerøysting, men Greni trur regjeringa har andre motiv.

– Eg er verkeleg forundra over at regjeringa vil kutte ut folkerøystingar om kommunesamanslåing. Regjeringa er tydelegvis redd for at folk ikkje skal vere einige med dei, seier ho.

Vengeklipper lån

I den tidsplanen som Sanner no legg fram for Stortinget, er det lagt opp til at kommunane kan starte prosessen til hausten. I kvar kommune skal ein eigen prosjektorganisasjon dytte på og leggje til rette for samanslåingane. Sanner vil òg hindre at kommunane tar opp lån som kan forpurre samanslåingane, og krev no at kommunane må få godkjent alle kommunale låneopptak og langsiktige leigeavtalar hos Fylkesmannen.

Under ein pressekonferanse onsdag stadfesta Sanner at han med dette vil unngå at ein kommune til dømes tar opp lån for å byggje eit kulturhus det eigentleg ikkje har råd til.

Sp meiner Sanner i realiteten har sett kommunane under statleg administrasjon.

Ferdig i 2020

Neste vår vil kommunalministeren leggje fram forslag til kva oppgåver kommunar som har vorte store nok, kan overta frå stat og fylkeskommune. I den andre enden av skalaen må dei kommunane som vel å halde fram med å vere små, rekne med lovpålagt interkommunalt samarbeid, varslar han.

Det endelege forslaget til ny kommunestruktur skal regjeringa leggje fram våren 2017, og det nye Kommune-Noreg skal stå klart 1. januar 2020. (©NPK)

Faktaboks

Tidsplan for kommunereforma:

Vår 2014: Stortingsbehandling av mål for reforma og opplegget for vidare arbeid.
Haust 2014, 2015 og vår 2016: Regionale prosessar med KS, fylkesmenn og kommunar. Vert oppsummert av fylkesmennene hausten 2016.
Vår 2015: Regjeringa legg fram forslag til nye oppgåver for kommunane. Stortingsbehandling av denne meldinga.
Haust 2015 og vår 2016: Kommunale vedtak om samanslåing.
Vår 2016: Vedtak i kongelege resolusjonar om samanslåing av kommunar for dei kommunar som er tidleg ute med lokale vedtak.
Vår 2017: Regjeringa fremmar proposisjonar om ny kommunestruktur og om nye oppgåver til kommunane. Stortingsbehandling av desse proposisjonane.