Stor interesse for ny master om klimaendringar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

62 søkjarar til ny klimautdanning

Saka var først publisert i Porten.no

Sogndal: Då søknadsfristen gjekk ut 15. mai, hadde 62 studentar søkt på masterprogrammet Climate Change Management, som startar opp hausten 2016. 

Det nye studiet kombinerer ei naturfagleg kunnskap om klimaendringar med plankompetanse og samfunnsvitskap, og er unikt i nordisk samanheng, skriv Høgskulen i Sogn og Fjordane på sine heimesider

34 av søkjarane er i dag studentar ved høgskulen. Halvparten av dei kjem frå fornybar energi, og resten frå andre fag ved Avdeling for ingeniør- og naturfag (AIN). Blant dei som har søkt om opptak, er det òg tidlegare landskapsstudentar. Ti av dei som har søkt er utanlandske.

– Vi gler oss over at så mange har søkt, sjølv om vi ikkje har marknadsført studiet så aktivt. Det er òg gledeleg at så mange av søkjarane har kjernekompetansen som skal til, seier dekan Stein Joar Hegland ved AIN. Masteren har 20 studieplassar, men ettersom mange har søkt fleire stader, er det aktuelt å tilby rundt 30 personar ein studieplass.

LES OGSÅ: Lærer studentane å kjempa mot klimakrisa

Gåve på 1 million
Høgskulen kunngjorde i dag at dei har mottatt ei gåve på oppunder éin million kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane, gjennom Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, for å utvide masteren med fagkompetanse på snøskred.

– Det som er fint, er at gåva har utløyst andre løyvingar. Vi er takksame over å ha ein bank som støttar opp under gode tiltak i fylket, sa Stein Joar Hegland på ei markering for dei tilsette.

– Eg er overtydd om at Sogn og Fjordane har bruk for kompetansen som kjem ut av utdanninga, sa Leif Arne Bakke frå Sparebanken Sogn og Fjordane, som tykte det var ekstra kjekt å få vite at gåva deira har utløyst andre løyvingar som styrkar masterutdanninga.

LES OGSÅ: Teken av snøskred, no åtvarar han andre

Tilset snøskredekspert
Sjølv om HiSF har sterk fagkompetanse på geologi, hadde AIN bruk for ein ekspert på snøskred til masterutdanninga i Climate Change Management. Bankgåva går nettopp til dette – ei eiga 20 prosents stilling i snøskred over dei neste tre åra. Mannen som fyller stillinga, er danske Kalle Kronholm, som er busett på Ål i Hallingdal og driv konsulentfirmaet Skred AS.

Kronholm brenn for å lære bort eit sett med enkle prinsipp for å vurdere snøskredfare, som eigentleg er ei svært samansett sak.

– Det er jo ikkje framtidige forskarar vi skal utdanne – dei fleste skal ta med seg kunnskapen ut i yrkeslivet, kanskje som planleggarar, seier Kronholm. 

Han er i gang med å utvikle masterkurset i snøskred, som blir særleg matnyttig for framtidige planleggarar i område med bratt terreng.

– Når det gjeld snøskred, kan vi alt merke endringar i middels høgareliggande område, som Lærdalsdalen. Snøskreda blir våtare fordi det er mildare. Dessutan går dei hyppigare, seier Kronholm.

LES OGSÅ: Me utløyser sjølv snøskred

Professor i is- og snøsmelting
At høgskulen får meir økonomisk armslag, gjer òg at dei har kunne tilsetje ein annan danske med spesialkompetanse som trengst i masterutdanninga.

– Det eg har forska på, er korleis klimaendringane verkar inn på snø- og issmeltinga på Grønland og i Arktis, men òg på korleis havnivået stig som følgje av denne smeltinga, forklarar Sebastian Mernild.

Den nytilsette professoren har hatt lange opphald på Grønland, men har òg arbeidd fleire år i Alaska, i New Mexico i USA og i Chile – der nedsmeltinga av breane er eit stort trugsmål mot storbyane langs stillehavskysten.

Mernild er tilsett som professor for eitt år, og vil eventuelt få ei fast stilling dersom det let seg finansiere.

LES OGSÅ: UIB med nytt klimanettkurs