Me utløyser sjølv snøskred
Dei fleste som hamnar i eit snøskred har enten utløyst det sjølv, eller så har ein i turfølgjet gjort det.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det seier leiar av skredkomiteen i DNT fjellsport og mangeårig skredinstruktør, Jørgen Moland til Nationen.
– Trenden er klar. Stadig fleire driv med bratt vinterfriluftsliv, seier Moland.
Han meiner ei betre evne til å vurdera risikoen ved eigne val er avgjerande for at ulykkestala ikkje skal stiga ytterlegare utover vinteren. Moland oppfordrar alle som ferdast i fjellet om å planleggja ruta nøye, merka seg kor det kan losna skred både på kart og i terreng (brattare enn 30 gradar) og sjå etter teikn på skredfare (nyleg utløyste skred, whoom-lydar og skytande sprekker).
LES OGSÅ: Lærte å unngå skred
Moland anbefaler no alle som planlegg å vera i aktivitet i fjellet å sjekka dei regionale skredvarslingane. Han vil også at fleire melder seg på skredkurs. I vinter blir det arrangert over 20 skredkurs i regi av Den Norske Turistforening. Han fortel at skredkursa i all hovudsak dreier seg om å identifisera skredterreng og vurdering av dagsaktuell skredfare, skriv Nationen. (©NPK)