UiB med nytt klima-nettkurs

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kurset med tittelen «Causes of climate change» blei opphavleg tatt initiativ til av Klimastiftelsen og er utarbeidd av Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret for klimaforsking. Kerim Hestnes Nisancioglu og Asgeir Sorteberg har det faglege ansvaret, skriv Uib.no.

LES OGSÅ: Statoil og UiB med ny rammeavtale

Nettkurset skal sjå på kva som driv klimasystemet og klimaendringane. Det tar for seg naturlege klimapåverknader som sol og vulkanar, og diskuterer også menneskeskapte påverknader.

Kurset blir den første norske MOOC-en med klima som tema. Internasjonalt finst det nokre frå før, men Kerim Hestnes Nisancioglu meiner UiBs klima-MOOC skil seg ut frå dei andre.

– Noko av det spesielle med dette kurset er at det diskuterer klimavariasjonar både i fortid, notid og framtid. Vi går tusenvis av år tilbake, og set dagens klimaendringar inn i eit historisk perspektiv. Vi har eit breitt fagmiljø på klimaforsking i Bergen, og denne styrken utnyttar vi i dette prosjektet, seier han.

Kurset startar i september og alle kursdeltakarane må ta kurset samtidig, med ein felles start- og sluttdato. Då kan dei ha diskusjonsgrupper og få innspel frå kurshaldarane undervegs. (©NPK)

LES OGSÅ: Unge er klimaoptimistar

Faktaboks

Massive Open Online Courses (MOOC) er fleksible nettkurs som er gratis tilgjengelig for alle.

Fekk sitt gjennombrot i 2011 då Stanford-universitetet i USA la ut tre kurs i informatikk som fekk 100.000 nettstudentar kvar. 

FutureLearn vart etablert av fleire britiske universitet og høgskular i 2013 og er den første MOOC-plattforma utfor USA. 

Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo er blant 50 akademiske partnarar som i dag samarbeider med FutureLearn.

Samarbeidsuniversitet kjem frå Korea, Kina og Colombia og ei rekkje europeiske land er representert

Over 1,7 millionar studentar frå 190 land har registrert seg sidan dei første FutureLearn-kursa  starta. 

Tilsaman har nettkursa fått meir enn 2,3 millionar påmeldingar.

Kjelde: UiB