Språkleg utvatning?

Vebjørn Sture
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mykje skrik og lite ull, heiter det om å klyppa grisen. Det same kan ofte seiast om å diskutera rettskriving og kva ord som bør vera «lov» og ikkje. Likevel trur eg me gjer lurt i å lytta når det kjem signal om påfallande bokmålsnær språkføring i nynorske lærebøker.

Saka vart brått aktuell no i påska. Elevrådsleiar Morten Habbestad fekk fleire oppslag om ein protest mot at lærebøkene konsekvent vel forma «skole» framfor «skule». Habbestad var mellom anna redd for at dette skal påverka talemålet hjå unge sunnhordlendingar, som fram til no har halde på «skule» i munnleg tale.

LES SAKA: Vil ha vekk skole i skulebøkene

Eg trur ikkje eg skal seia for mykje om dømet skule/skole, nettopp for å unngå sjølve normeringsstriden. Utspelet frå Habbestad er likevel interessant fordi det kviler på ei meir generell problemstilling: Kva slags språkpåverknad er det eigentleg lærebøkene står for?

No har ikkje eg finkjemt alt som finst av nynorske lærebøker, men eg har gått på skule, og eg har arbeidd litt med språkvask av læremiddel. Det noko ukvalifiserte inntrykket mitt peiker i same retning som utspelet frå Habbestad tyder på: At forlag og lærebokforfattarar mistenkjeleg ofte føretrekkjer bokmålsformer.

Kva fører dette til? Habbestad peiker på at denne påverknaden kan vatna ut den lokale dialekten. Sjølv om personleg talemål er eit kjensleladd emne, er det heva over tvil at også det munnlege språket vert påverka av omgjevnadene. Dersom til dømes sunnhordlendingane aldri ser eller høyrer noko anna enn «skole», er det ikkje usannsynleg at dei byrjar å seia det, slik Habbestad varslar.

Likevel er den skriftlege konsekvensen vel så alvorleg, og vel så handfast: Me hindrar nynorskelevar i å læra nynorsk. Bokmålsformer lærer dei uansett, på barne-TV, i barnebøker, i Donald-blad, og så bortetter. Spørsmålet er korleis me skal læra nynorskelevane heilt vanlege, normale nynorskord. Slik som verksemd, korkje, tinging. Kjensle, rørsle. Tolmod, løyndom, røyndom. Dette er nokre få døme på daglegdagse nynorske ord, som også ein del nynorskelevar slit med. Dei veit kva bedrift tyder, sameleis med verken, bestilling, følelse, bevegelse, tålmodigheit, hemmeligheit og verkeligheit. Fordi det er samanfallande med bokmål, som dei ser overalt rundt seg, og fordi det gjerne er dei sistnemnde variantane dei lærer i nynorskbøkene sine. Då er det ikkje rart at sjølv nynorskelevar synest bokmål verkar lettare å læra.

Lat meg presisera at litt valfridom i nynorsken ikkje treng vera noko problem. Personleg er eg ikkje så oppteken av om folk skriv velkomen eller velkommen, søndag eller sundag, tinge eller bestille. Ein viss variasjon i språkføringa frå lærebok til lærebok kunne også vore heilt greitt, sidan skular og skuleelevar i ulike landsdelar kanskje føretrekkjer bøker med «sine» former, som varierer frå område til område.

Problemet oppstår idet forlaget og forfattaren ikkje brukar formvala til å tilpassa bøkene til elevane sine behov, men heller lèt bokmålet få skapa presedens for korleis læreboknynorsken skal sjå ut. Det heiter seg at nynorsk og bokmål er to nærskylde, men sjølvstendige skriftspråk, som skal dyrkast på sjølvstendig grunn. Særleg sjølvstendig vert det ikkje når brorparten av lærebøkene skyr alt som finst av tydelege nynorskformer.

Poenget her er ikkje at språkføringa i nynorskbøkene skal tilbake til Aasen-målet. Det toget gjekk for snart 75 år sidan. Poenget er at det ikkje finst noko som heiter «nøytralt språk». Bokmålsformer er ikkje meir «normale», «naturlege» eller «nøytrale» enn nynorskformer – det handlar berre om kva me (og forlag og lærebokforfattarar …) er vande med å sjå rundt oss.

Språket i lærebøkene utgjer ein stor del av den nynorsken me eksponerer elevane for. Dimed burde lærebokspråket også meislast ut med tanke på kva som er pedagogisk føremålstenleg. Det kan vel umogleg vera særleg pedagogisk å skjerma elevane for deira eige hovudmål.