Skuledag ut mot havet

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dagens fangst: Slimål

Det blæs og regnar lett når tre ungdomsskuleelevar tek på seg bobledressar, støvlar og huer for å dra på sjøen. Klassekameratane deira sit i klasserommet. Dei tre har fått tilbod om å vere med på Motivasjon og Mestring sin annleis skuledag. Dei ynskjer ikkje å ha namna sine i avisa så namna er oppdikta.

– Du må passe på å ikkje ha mobilen i handa når vi køyrer utover altså. Det vert vått, seier Martin.

– Han, brukar å vere snill, og berre køyre skikkeleg på når vi er på veg inn igjen. Då skal vi jo skifte likevel, hald Martin fram og ler.

LES OGSÅ: Elevane må glede seg til skuledagen

Praktisk framfor teori
Martin og Andreas har vore her ein gong kvar veke i heile haust.

– Det er mykje kjekkare enn vanleg skule. Vanleg skule er kjedeleg. Når eg berre sit i ro og læraren fortel om noko eg ikkje forstår, klarer eg ikkje å få med meg noko, seier Andreas.

Stian har nettopp byrja. Han skal vere med på sjøen for aller fyrste gong.

– Eg er spent. Eg gler meg til å lære meir praktiske ting her, på skulen vert det mykje teori. Eg likar det meir når det er praktisk.

Krabbeteiner vert tatt om bord i båten. Så vert kursen sett frå Sandviken og mot Askøy på den andre sida av Byfjorden i Bergen.

Slimete ål
Ute på 90 meters djupne voggar båten frå side til side. Novembervêret ruskar. Den siste som kom sit i ro og held seg i rekkverket langs sida av båten. Han nikkar forsiktig når nokon spør om han merker bølgjene. Dei to andre ler og tuller.

– Sjå her. Veit du kva det er? Det er ein slimål. Sjå alt slimet på hanskane mine, utbryt Andreas.

Spesialpedagog og skipper Tore Solberg slepp ut tau med ei rekke krokar og heimelaga makrell-agn på, ein såkalla snik. Om litt kan det hende nokon bit på.

Solberg trivst svært godt i lag med ungdommane.

– Mange av elevane våre har vore på mange andre alternative skuleopplegg tidlegare, utan at det har vorte suksess. Men her trivst dei.

LES OGSÅ: Norske elevar på droppe-toppen

Tillit på sjøen
Suksessen ligg i å oppnå tillit hjå elevane, meiner Solberg. Då kan ein både irettesetje og fremje kva som er positivt.

– Her får ungdommane sjans til å syne deira talent, eigenskapar og evner som ein ikkje får moglegheit til å syne fram i skulen. Skulen er på mange måtar stereotyp og monoton, seier Solberg.

Han meiner at det å bu i by kan gjere at mange ikkje får så mange praktiske aktivitetar i kvardagen.

– Om ein ikkje er med i organisert aktivitet, så er det lite praktisk aktivitet. Mange ungdommar er fattige på erfaring og oppleving i høve til praktiske oppgåver, seier Solberg. Om han til dømes spør om nokon kan hente eit vater, er det få som veit kva det er.

Skal få folk på land
Målet med den alternative undervisninga er å hjelpe elevar som har falle utanfor, til å kome innafor igjen.

– Eg prøver å tøffe dei litt opp, gje dei eit sjølvbilete og få dei til å ville noko, seier Solberg.

LES OGSÅ: Kvifor aukar forskjellane i skulen?

Han legg ikkje skjul på at mange av dei som kjem til han, er skulkarar.

– Ein kan jo spørje seg om dei går glipp av noko på skulen. Samstundes veit vi at mange av dei ikkje ville ha vore til stades i timane. Og om dei hadde vore der, ville dei kanskje ha øydelagt for andre. No lærer dei i staden å samhandle og samarbeide med andre, og får praktisk erfaring.

Frå skuler og lærarar får han berre positive tilbakemeldingar. Mange ser konkrete eksempel på at det alternative skuletilbodet hjelper svært mykje.

– Ein miljøforandring gir positive utslag også på andre arenaer, som skulen.

Solberg er tilsett gjennom Alrekstad skule og dei andre skulane i Bergen må kjøpe plassar til elevane sine om dei ynskjer å nytte seg av det. Stiftinga som driv dei aktivetstilbodet er Motivasjon og Mestring.

– Ideelt sett synast eg at fleire elevar burde hatt eit tilbod som dette, men det vert eit spørsmål om økonomi.

NY KUNNSKAP: Å lære å styre båten er ein av dei praktiske oppgåvene elevane får lære.

NY KUNNSKAP: Å lære å styre båten er ein av dei praktiske oppgåvene elevane får lære.

LES SAKA PÅ MAGASINETT!