Skisse til løysing for språksamlingane og Norsk Ordbok

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Løysing for ordboka?

– Norsk Ordbok og språksamlingane ved Universitetet i Oslo bør bli eit nasjonalt fellesføretak slik Artsdatabanken er det, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Ingen vil ha Norsk Ordbok

Bergen og Volda
Universitetet i Oslo har gjort det klart at dei ikkje ønskjer å vidareføre arbeidet med språksamlingane og Norsk Ordbok. I skissa som Nynorsk kultursentrum i samråd med fleire universitet og høgskular no har levert til Kulturdepartementet, foreslår dei å legge det nye fellesføretaket samla til universitetet i Bergen, eller å dele det slik at språksamlingane blir lagt til Bergen og ordbokredaksjonen til Høgskulen i Volda.

Planane skisserer ein stab på 16– 19 årsverk og av desse går vel 12 til språksamlingane.

– Vi halverer dagens stab, og det er mykje. Det finst gode argument for at staben bør vere større, og minst like gode argument for at den iallfall ikkje må vere mindre, seier Ottar Grepstad.

LES OGSÅ: Forfattaropprop for Odda-modellen

Billegare løysing
For 2014 har Stortinget løyvt 16,7 millionar kroner til Norsk Ordbok, og Universitetet i Oslo har oppgjeve at dei brukar om lag 19 millionar på språksamlinga og Norsk Ordbok.

Nynorsk kultursentrum meiner deira løysing vil koste om lag halvparten, 17– 19 millionar kroner i året, avhengig av organisering og lokalisering. Den billegaste og beste løysinga er samlokalisering ved Universitetet i Bergen, ifølgje skissa. Men det er også gode argument for ei delt løysing, mellom anna at det kan gje større faglege ringverknader.

Skissa legg opp til at den nye driftsorganisasjonen skal vere på plass frå 1. juli 2015. Svært mykje må klaffe for at den datoen blir reell, men han markerer kor viktig kontinuitet i dette arbeidet er, heiter det.

Nynorsk kultursentrum har utarbeidd skissa i samarbeid med representantar for Universitetet i Bergen og Høgskulen i Volda, og ho har vore drøfta med Universitetet i Stavanger og Det Norske Samlaget. Det går også fram av skissa at Universitetet i Oslo no gjennomfører sonderingsmøte med ulike partar for å finne ei løysing for språksamlingane og Norsk Ordbok.

– Kanskje føregrip vi utviklinga i ei sak med det initiativet vi no tek. Det viktigaste meiner vi likevel er eit formelt initiativ av ein aktør som er villig til å ta det ansvaret som no treng ei adresse, heiter det i brevet frå Nynorsk kultursentrum til Kulturdepartementet. (©NPK)

LES OGSÅ: 2,2 millionar til Nynorsk Avissenter