Skeptisk til endringane i lærarutdanninga

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norsklærarar kan få nynorskfritak

I desse dagar er lærarutdanninga i endring. Dei nye forskriftene til den nye lærarutdanninga skal snart ut på høyring.

LES INNLEGGET: For dårleg nynorskopplæring av lærarar

Mange grunnar til fritak
Mållagsleiar Tennø er skeptisk til at framlegget legg opp til at lærarstudentar framleis skal kunna søkja fritak i nynorsk dersom dei anten har hatt fritak for nynorsk sjølv, eller om dei kjem frå eit anna land.

– Det kan ikkje vere så mange grunnar til fritak. Det betyr i praksis at nokre norsklærarar ikkje kan undervisa i norsk, seier Tennø.

I framlegget er det lagt inn at det skal koma tydeleg fram på vitnemålet om studentane har hatt nynorskfritak. Dette mistenkjer mållagsleiaren at vil fungere svært ulikt i praksis.

Tennø er oppteken av at den nye lærarutdanninga må sikra at lærarane som skal ut i den norske skulen faktisk kan undervisa i nynorsk.

– Det betyr at alle lærarutdanna må eksaminerast i nynorsk, slår ho fast.

LES OGSÅ: «Inga overrasking at studentane er dårlege i nynorsk»

Positiv til skjerpa krav
Torbjørn Ryssevik, seksjonsleiar for utdanning og forsking i Utdanningsdirektoratet, ser lysare på framtida.

Han trur dei nye skjerpa kompetansekrava til lærarar vil styrka norskundervisninga.

Innan 2025 skal nemleg alle lærarar som underviser i norsk, engelsk eller matte, ha fordjuping i faget sitt.

Det betyr at lærarar i grunnskulen må ha minst 30 studiepoeng i faget, medan lærarar i ungdomsskulen må ha minst 60 studiepoeng.

Det siste kravet, som svarer til eit årsstudium, gjeld i dag i den vidaregåande skulen.

– Eg har veldig tru på at skjerpa kompetansekrav til lærarar er vegen å gå i norskopplæringa. Det vil vere med å – om ikkje snu, så i alle fall forbetre situasjonen. På sikt vil me få ei forsikring for at norsklærar faktisk har utdanning og kompetanse i faget, meiner Ryssevik til Framtida.no.

Mållagsleiar Tennø understrekar at dei sjølvsagt ynskjer mest mogleg kompetente norsklærarar, men fryktar at nokre område vil slita med å få tak i lærarar som møter dei skjerpa krava.