Flest ledige studieplassar ved barnehage og lærarutdanning: – Det er ei nasjonal bekymring

Over 550 studieprogram hadde ledige plassar i Samordna opptak måndag formiddag. Bekymringa er stor for at for få vel å bli lærarar.

NTB-NPK
Publisert

Måndag 20. juli låg det ute studieplassar ved 550 program i søkjarportalen til Samordna opptak, viser tal Khrono har sett.

Det er spesielt utdanninga til lærer i barnehage og grunnskule som har svært mange ledige plassar.

– Det er ei nasjonal bekymring at det er for få som søkjer seg til lærarutdanningane. Vi håpar at det snur, seier Anne-Grethe Naustdal, prorektor ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) til Khrono.

HVL tilbyr 15 grunnskulelærarutdanningar og fem barnehagelærarutdanningar. På landsbasis er det framleis ledige plassar på 51 grunnskulelærarutdanningar og 39 barnehagelærarutdanningar måndag formiddag.

– Det er gode moglegheiter for deg som vil bli lærar og ikkje har søkt enno, seier Naustdal.

Totalt la HVL ut 49 studieprogram søndag. Men sjukepleie i Førde var fullteikna i løpet av minuttar, og det er ingen ledige sjukepleieplassar ved HVL no.

Det er derimot god plass på ingeniørprogramma.