Sju spennande studium du framleis kan søka på

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 15:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag blei det klart at rekordmange har fått tilbod om studieplass ved universitet eller høgskule gjennom Samordna opptak. Om du er ein av dei som ikkje har fått tilbod, er håpet likevel langt frå ute. Frå i morgon kan du søka på nesten 400 studieprogram som er tilgjengelege på Restetorget.

Me har plukka ut sju av studia som har ledig plass rundt omkring i landet, frå filosofi i Kristiansand til nordsamisk i Tromsø. Kanskje finn du draumestudiet ditt her?

 

Anvendt filosofi, bachelor (Kristiansand, Universitetet i Agder)

Har du anlegg for etisk refleksjon og kritisk tenking? Ifølgje studieplanen har dette nyutvikla bachelorprogrammet ved UiA særleg fokus på korleis filosofi kan brukast til å analysere konkrete praktiske og teoretiske problemstillingar, til dømes samfunnsetiske, økonomiske og religiøse problemstillingar.


Folkekunst, bachelor (Rauland, Høgskolen i Sørøst-Norge)

Viss du drøymer om å jobba med kunsthandverk og norsk tradisjonskunst i tre, metall eller tekstil, er dette studiet for deg. Over halve studietida blir brukt til praktisk arbeid på verkstaden, ifølgje nettsida. Rauland i Vinje kommune er ein av dei minste og mest naturfagre studiestadene i landet, og husar også ei folkemusikkutdanning med ledig plass.

LES OGSÅ: Røe Isaksen trur ikkje skjerpa krav gir lærarmangel

060238
I saftbygda Sogndal kan du ta ein av dei beste grunnskulelærarutdanningane i landet. Foto: Tim Bunce, Flickr.com

Community Music, bachelor (Stord, Høgskolen Stord/Haugesund)

Fleire utanlandske lærestader tilbyd studieprogram i «Community Music», men denne nye bachelorutdanninga i verdas største nynorskby er den første i sitt slag i Noreg. Utdanninga handlar om korleis musikk kan brukast i samfunnet, på alt frå festivalar til asylmottak og SFO, og legg vekt på utøvande musikkformidling og praksis i lokalsamfunnet.

 

Grunnskulelærarutdanning, bachelor (Sogndal, Høgskulen i Sogn og Fjordane)

Framtidsfylket i vest har ein av utdanningsinstitusjonane med lågast fråfall og høgst trivsel blant studentane. I Studiebarometeret 2015 kom heile tre av studieprogramma ved HiSF med blant dei fem øvst rangerte lærarutdanningane i heile landet. Lærarutdanning gir deg garantert jobb i framtida!

Goat
Viss du vil jobba med husdyr som til dømes geiter, kan du ta eit årsstudium i husdyrvelferd ved Nord universitet i Steinkjer. Illustrasjonsfoto: Sam Greenhalgh, Flickr.com

 

Husdyrvelferd, årsstudium (Steinkjer, Nord universitet)

Vil du jobba med dyr? På dette studiet lærer du mykje matnyttig om husdyrhald, frå anatomi og genetikk til dyrehelse og miljø. Studiet lokkar med utflukter til dei mange nordtrønderske gardsbruka og andre lokale verksemder. Om du vil gå «all in», kan du også ta bachelorgrad i Husdyrfag, velferd og produksjon.

 

Satelitteknologi, bachelor (Narvik, UiT Norges arktiske universitet)

Kor kult ville det ikkje vore å læra korleis satelittar funkar? Bachelorprogrammet i satelitteknologi er ei ingeniørfagleg utdanning som gjer at du kan jobba med romforsking, meteorologi, klimaovervåking, navigasjon og kommunikasjon, ifølgje studieplanen. Dette studiet kan du studera frå kor som helst i verda, med nokre vekesamlingar i Narvik og feltveke ved Andøya Space Center.

 

Nordsamisk som fremmedspråk, årsstudium (Tromsø, UiT Norges arktiske universitet)

«Njuike fárrui don ge!» heiter det på nettstaden til studietilbodet ved verdas nordlegaste universitet. Om du vil læra kva det tyder, er årsstudiet i nordsamisk perfekt for deg. Med over 25 000 brukarar er nordsamisk det mest brukte samiske språket, og eit nyttig språk å læra om du vil nedbetala studielånet raskare med ein godt betalt jobb i Nord-Troms eller Finnmark.

LES OGSÅ: Mastergrad sikrar ikkje lenger jobb – no må du ha gode karakterar

Sametingets plenumssal
Viss du vil jobba på Sametinget, kan det vera lurt å ta eit årsstudium i nordsamisk ved Universitetet i Tromsø. Foto: Sametinget, Flickr.com.