Sender elevar ut i Europa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen var først hos Senter for internasjonalisering av utdanning

– Vatnet her er heldigvis varmare enn i Austerrike!

Ein stolt syttenåring ligg i elva ved Voss Raftingsenter ein kald septemberdag. Asle Hansen frå Bergen er nett komen tilbake frå eit fire vekers praksisopphald i dei austerrikske alpene. 

Saman med klassekameraten Benjamin Reidar Storhaug Sandal (18) frå Odda i Hordaland, skal han demonstrere nyvunne erfaringar framfor resten av andre klasse ved villmarksliv-linja på Voss jordbruksskule. Dei to gutane har hatt praksis i bedrifta Liquid Lifestyle, og fått erfaring blant anna som raftinggaidar.

– Austerrikarane seier det er lurt å ta høgt støttetak oppifrå og ned, seier Hansen, medan lærar og elevar diskuterer ulike kajakkruller.

Klasserommet er spektakulært; Strandaelva ligg bada i haustprakt, Skulstadmoen er fortsatt grøn. Tåka heng lågt og stemninga er høg blant elevane.

– Å reise utanlands for å jobbe i ei bedrift på denne måten er ei sterk oppleving, ein lærer utruleg mykje på kort tid, seier Sandal.

Hansen nikkar: – Eg har mykje betre kontroll no, både i kajakk og når eg raftar.

Sidan 2009 har villmarkslinja sendt to til fire elevar i året på praksisopphald i Austerrike, forklarer lærar Benjamin Hjort.

– Dette fungerer som ei gulrot for elevane og har svært positive ringverknader. Alle vi har sendt ut har kome tilbake med verdifull praksis, proppfulle av sjølvtillit, seier han.

Samtidig har interessa for studiet auka. Dei siste åra har dei operert med venteliste.

– Nøgde elevar er den beste marknadsføringa ein kan ha.

Elevane Asle Hansen (til v.) og Benjamin Reidar Storhaug Sandal (til h.) har hatt praksis i Austerrike, og demonstrerer ny lærdom for klassen.Foto: Paul Sigve Amundsen

LES OGSÅ: Fleire elevar fullfører yrkesfag

Tufta på jordbruk og reiseliv
Gutane i elva er berre eitt døme på korleis ei lita vestlandsbygd kan oppnå gode resultat gjennom skolesamarbeid og tett kontakt med lokalt næringsliv. Reiselivslinja har sidan 2006 samarbeidd med ein skole i Murcia i Spania. Hestefaglinja har hatt utvekslingsavtale med Bábolna i Ungarn nesten like lenge. Helse og sosial, naturbruk-linja og medie- og kommunikasjon har tilsvarande europeiske samarbeid.

På lærarrommet; Voss vidaregåande skule:

– Voss er ei bygd tufta på jordbruk og reiseliv, seier Trond Remme.

Han er IKT-lærar ved skolen og samtidig koordinator for internasjonaliseringa av dei fem vidaregåande skolane i bygda. Vossaskolane samfinansierer ein åtti prosents stilling, fordelt på to personar. Remme er ein av dei.

– For oss fungerer denne løysinga godt, vi meiner vi blir meir slagkraftige slik. Som koordinatorar jobbar vi opp mot dei internasjonale kontaktane på skolane. Vi kjenner både faglærarane og dei lokale bedriftene, seier han.

Knut Larsen Holtekjølen frå Voss husflidsskule er den andre koordinatoren.

LES OGSÅ: – Lærer betre med praksis

God modell
Samarbeidet mellom  skolane på Voss vart i si tid sett i gong då det vart bestemt at dei skulle slåast saman. Den gongen var Sven Erik Myrtveit koordinator og nybrottsmann.

– Internasjonalisering var eit felles prosjekt som alle skolane var interesserte i, og dermed gjekk vi saman om det, fortel han.

Indre Hordaland hadde lenge vore prega av nedgang i talet på arbeidsplassar. Myrtveit hadde eit ynskje om å auke verdiskapinga innanfor dei lokale ressursane, som fanst i rikt monn. ‘Elevane må ut i verda’, tenkte han.

– Vi sette oss to mål; det eine var å auke antalet utsende elevar på yrkesfag. Det klarte vi med glans, no ligg Voss langt over det europeiske snittet. Det andre var å auke kompetansen rundt internasjonalisering på skulane. Også der har vi kome eit godt stykke på veg, seier han.

Dei fem vidaregåande skolane på Voss blir om få år til to. Myrtveit legg ikkje skjul på at det til tider var vel mykje arbeid å være primus motor for internasjonaliseringsarbeidet. Det var også grunnen til at han i 2013 sende stafettpinnen vidare.

– Forutsetniga for gode resulat er fagleg forankring og tydeleg fordeling av ansvar. Målet må væra at internasjonalisering blir implementert  i den daglege drifta og undervisninga på skolane, seier han.

Berit Roksvåg frå opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune skryter av korleis Voss har organisert internasjonaliseringsarbeidet:

– Det er ein veldig god modell dei lagt opp til på Voss, seier ho.

– På forholdsvis små plassar som dette har skole og næringsliv ein naturleg tett kontakt. Folk kjenner kvarandre og det er mykje lettare å finne praksisplassar enn i byane, legg ho til.

Trond Remme seier seg einig:

– Mogelegheitene som internasjonal utveksling eller praksis gir er svært verdifull – for elevane, bedriftene og for bygda.

LES OGSÅ: Kvar gong Cecilie er på jobb, tener Noreg millionar

Nytt samarbeid med Frankrike
Sidan 2006 har dei vidaregåande skolane på Voss sendt ut rundt 500 elevar gjennom Leonardo-programmet, og tatt imot nesten like mange.

– Vi har brukt nettverka våre flittig for å skaffe  gode praksisplassar som gir fagleg utbyte, seier Trond Remme. 
Når SIU-magasinet vitjar Voss, har jordbruksskulen besøk av to franske lærarar frå skolen Lycée Lebrun i Coutances i Normandie. Voss har allereie sterke band til regionen, og planlegg samarbeid om ei ny studielinje i entreprenørskap.

– Reiseliv er ei viktig inntektskjelde også i Coutances, vi har særleg mange britiske turistar, seier multimedia-lærar Franck Brezelle.

Dei franske elevane hans har laga CV-ar på video, som skal overleverast bedriftene på Voss som er aktuelle praksisplassar.

Faglærar i reiseliv på Voss vidaregåande skule, Brit Ingvild Osgjerd, har organisert bedriftsbesøka. Ho har lang erfaring frå samarbeid med Spania.

– Dei spanske lærarane har sjeldan pengar til å besøke elevane sine når dei er i praksis på Voss. Ein byggjer nødvendigvis eit gjensidig tillitsforhold med partnarskulen, og stolar på at dei støttar elevane viss dei treng hjelp, seier ho.

LES OGSÅ: – Lærlingar er ei investering for framtida

God kontakt med lokale bedrifter

For mange er Voss kanskje mest kjend som ei skibygd. Dei siste tiåra har det skjedd mykje i det lokale næringslivet som gir ei interessant samansmelting av det tradisjonelle og det nye. Både ekstremsport,  vindtunnell, agroturisme og jazzfestival trekk publikum til bygda. Med reiselivsauger skal Voss vera eit heilårsprodukt – på den måten får næringslivet fleire bein å stå på.

Det tradisjonsrike Fleicher’s Hotel er ei av bedriftene som blir presentert for dei franske lærarane. Direktør Erik Fleischer Tønjum  fortel at rundt ein tredel av dei tilsette ved hotellet er frå andre land enn Noreg.

Fransklærar Nathalie Brueur håpar elavane frå Coutances kan få praksis på Fleicher’s.

– Å samarbeide med reiselivslinja her på Voss er ideelt for oss. Eg er sikker på at elevane våre er veldig interesserte i praksis på Voss, vi håpar å sende tre elevar hit allereie i november, seier ho.

Hotellnæringa opplever eit stort press, med mykje pågang, spesielt frå austeuropearar som ynskjer jobb. Svenske Maria Hansson, som har det daglege ansvaret i restauranten på hotellet, fortel at dei som får jobb for lengre periodar må lære seg litt norsk.

– Det er veldig kjekt å få utvekslingselevar til hotellet, dei er som eit friskt pust, seier ho.

LES OGSÅ: – Kjempestort behov for utdanninga vår

Hotelldirektør Erik Fleischer Tønjum (til v.) gir dei franske lærarane Nathalie Brueur og Franck Brezelle omvising i det historiske Fleischer’s Hotel. Trond Remme (i midten) og Brit Ingvild Osgjerd (til h.).Foto: Paul Sigve Amundsen

Gir motivasjon og lågare frafall
Trond Remme meiner internasjonaliseringsarbeidet på Voss har gitt betre kvalitet og arbeidslivsrelevans for yrkesfaga. Til no har det aller meste av prosjektmidlane gjennom EU-programma vore brukt på elevane.

– Vi håpar fleire av lærarane våre etter kvart kan reise ut gjennom Erasmus+. Vi veit av erfaring at dei som har vore ute kjem heim med ein masse nye idear til undervisninga, seier han.

Ei enkel oppskrift på gode samarbeid og vellukka prosjekt har han ikkje.

– Ein må gripe dei mogelegheitene ein ser, og dyrke det nettverket ein har.  Nokre gonger fungerer utplassering av elevar i bedriftene kjempebra. Andre gonger fungerer det ikkje, og då er det viktig å ha ein ærlig og open dialog på det, for å gjere endringar som kjem eleven til gode, seier  han.

Ved skulestart i haust vart det arrangert internasjonal lunsj der alle som hadde vore i mobilitet førre skuleår delte erfaringar frå praksisopphald i Europa.

– Ikkje alle dei utvalde elevane var i utgangspunktet bekvemme med å  snakke framfor ei forsamling. Men dei tok utfordringa, drog til Europa og presenterte erfaringane sine for dei andre når dei kom heim. Når vi vektlegg motivasjon og ikkje berre karakterar i utveljinga av elevar, ser vi at fleire står løpet ut og ikkje sluttar på skolen, legg han til.

Her ligg også mykje av motivasjonen til Remme. Å høyre engasjerte elevar fortelje og dele erfaringane sine frå utanlandsopphald er veldig kjekt, syns han.

– Det er det som driv meg i dette arbeidet; å sjå elevar som blømer, samtidig som det tilfører ein internasjonal dimensjon til skolane våre, seier han.

LES OGSÅ: Unge ser ned på yrkesfag

Faktaboks

Voss vidaregåande skule, Voss Gymnas, Voss jordbruksskule, Voss husflidskule og Rogne vidaregåande  skule står bak prosjekta knytta til ‘Internasjonalisering av dei vidaregåande skulane på Voss’ Voss Gymnas var med dei første to åra, frå 2006 til 2008

Skulane har delteke i 21 internasjonale prosjekt, 14 av dei gjennom Leonardo da Vinci

Til saman har skolane jobba mot 17 europeiske land

Rundt 500 elevar er sendt ut i perioden 2006-2014

Gjennom Erasmus+ samarbeider skolane på Voss med Danmark, Ungarn, Litauen, Spania, Frankrike, Island, England og Austerrike