– Lærlingar er ei investering for framtida

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han er i gang med sin fjerde veke som lærling i verksemda på Mongstad, og er i full gang med øvesveising då Nh er innom.

– No øver eg på kilsveis, og målet er å ta eit sveisesertifikat, seier Westervik. Han har gått eitt år på vidaregåande i Knarvik, og eitt år på Austrheim VGS.

LES OGSÅ: Elise er Nordhordlands beste

– Sveising var det eg likte best i verkstaden på skulen, seier han om kvifor han valde å søka på læreplass som sveisar. Westervik er glad for at lokale verksemder vel å satsa på lærlingar.

– Det er bra at eg slepp å reisa så langt. Her er arbeidet veldig variert. Eg arbeider på serviceavdelinga, og vekslar mellom fleire ulike oppgåver, ikkje berre samlebandproduksjon som det kan vera mange andre stader, seier han.

Ti lærlingar
Caverion har for tida ti lærlingar fordelt på fire ulike fag, ytterlegare to lærlingar har nettopp tatt fagbrevet.

– Fleire av våre beste fagfolk har gått i lære, og er i dag blant dei som bidreg monaleg til selskapets verdiskapning. Mange sitter også som leiarar og prosjektleiarar, men har ikkje gløymt sin tid som lærlingar. Hos oss er lærlingane ei investering for framtida, understrekar avdelingssjef Leif Ståle Vabø.

LES OGSÅ: Kvar gong Cecilie er på jobb, tenar Noreg millionar

Fleire hundre lærlingar i Norge står utan lærlingplass og Vabø meiner at alle bedrifter må ta sin del av samfunnsansvaret og bidra til utdanninga av unge menneske.

Han meiner verksemdene har eit samfunnsansvar for å bidra til opplæring av fagarbeidarar.

– Fleire bedrifter må ta inn lærlingar. Det er stor mangel på faglærte i Norge, og fleire bedrifter må ta del i samfunnsansvaret om å ta inn lærlingar for å bidra til å utdanne unge menneske og få dei ut i arbeidslivet, seier han.

Langsiktig
Nokre aktørar meiner det er for dyrt å ha lærlingar, det meiner Vabø blir for kortsiktig tenking.

– Ja, det kostar å ha lærlingar. Ein lærling må følges opp, og det tar tid frå erfarne montørar som da blir mindre produktive, men det er viktig å tenke meir langsiktig enn det, understrekar han.

Rekrutteringskanal
– I tillegg er lærlingordninga også ei særs viktig rekrutteringskanal for oss. Vi har årleg mange søkarar til våre lærlingplassar, og etter grundige intervjurundar vel vi våre kandidatar. Historia viser at dersom man gjennomfører ei god lærlingtid, er sannsynligheten stor for at man blir tilsett hjå oss etter bestått fagprøve, seier han.

På landsbasis er Caverion ei av Norges største lærlingplassar, med i underkant av 400 lærlingar rundt omkring i landet.

LES OGSÅ: Stor dag for unge lærlingar

Saka var først publisert i Avisa Nordhordland.