Retorikk vert fort politikk

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me må endra språkbruken

I den nye kampanjen Den ukjente sannheten om asylpolitikken, ynskjer PRESS å fokusere på ordbruken i debatten og reiser spørsmål om retorikk skapar framandfrykt. Dei ynskjer ein meir faktabasert asyldebatt: 

– Vi vil få fram kva som er fakta, men folk må sjølvsagt meine det dei vil, forklarar leiar Andrea Sjøvoll.  

Flaum og ankerbarn
– Det vert ofte sagt at vi har ein flaum av asylsøkjarar til Noreg. Men av dei meir enn av dei meir enn 40 millionar menneska på flukt i verda, søkte 9785 asyl her i landet i 2012, altså 2,3 promille. Det er drastisk å kalle det ein straum, seier Sjøvoll.

Ankerbarn er eit anna ord PRESS reagerer på. Dei einslige mindreårige asylsøkjarane som kjem til Noreg for så å få heile familien til landet.

– I fjor var det 29 tilfelle av slik familiesameining ifylgje UDI, så det er ikkje noko veldig stort problem, sjølv om det verkar slik i debatten, held ho fram.

LES OGSÅ:– Endeleg har eg nøkkelen til livet

Menneska
PRESS meiner det er avgjerande å få ein retorikk, der det handlar om menneske.

 – Talar vi ikkje om asylsøkjarane som menneske, vert dei heller ikkje menneske, forklarar Sjøvoll. Ho reagerer mellom anna på statssekretær Pål K. Lønseth sin kritikk av media sin bruk av lagnadane til einskildmenneske i ein kronikk på NRK Ytring.

– Det er ingen andre debattar ein ikkje skal sjå einskildmenneska, som eldreomsorg eller skulepolitikk. Men all politikk handlar om menneske, held ho fram. Og peiker på ord som returnektarar, som eit døme på ikkje-menneskeleg ordbruk i debatten. 

Er nokre parti verre enn andre når det kjem til retorikk?

– Det er alltid lett å kritisere Framstegspartiet i innvandringsdebatten, men dei er i det minste direkte og pakkar ikkje inn synspunkta sine. Eg reagerer like mykje på ordbruken til Arbeidarpartiet, som talar om innvandringsregulerande omsyn, kva er eigentleg det? Eller grunnlause asylsøkjarar, ingen søkjer asyl utan ein grunn.

LES OGSÅ:Asylpolitisk eksamen

Endring av retorikken
Kampanjen skal vare fram til stortingsvalet i haust, organisasjonen skal mellom anna dele ut to flygeblad til folk på gata – ein med påstandar og ein med faktaopplysningar. Dei trur retorikken i asyldebatten kan vera forvirrande, og at folk bryr seg om fakta og sanningar.

– Retorikk vert fort politikk. Vi har jobba med asylsøkjande barn sidan 1995, og har kome til at vi ikkje kan endre politikken før vi endrar måten vi talar på, avsluttar Andrea Sjøvoll.

QUIZ: Kva veit du om innvandring?

Kva meiner du? Reagerer du på retorikken i asyldebatten?