Redda Kyoto-avtalen på overtid

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell leia konsultasjonane om Kyoto 2, som den vert kalla, saman med Brasil sin klimaminister, Luis Figueiredo. Også mange land som ikkje påtar seg nye mål hadde sterke synspunkt i samtalane.

– Forhandlingane var tøffe, og det var stor avstand mellom landa. Men til slutt fann vi eit kompromiss, som blei godtatt av så å seie alle landa. Dette er også det mest konkrete resultatet av Doha-møtet, seier Solhjell.

Den største striden gjaldt såkalla overskuddskvotar, det vil seie rett til utslepp ein har til overs etter den fyrste Kyoto-perioden fra 2008 til 2012. Enkelte land i Aust-Europa frykta store økonomiske tap viss reglane blei for strenge, og Russland godtok ikkje løysinga. Likevel blei avtalen godtatt i plenum.

Noreg skal kutte utsleppa med 30 prosent fram til 2020, det samme gjer EU. Men landa som no forplikter seg til kutt står for berre 14 prosent av utsleppa i verda.

QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen!

– Det er eit stort paradoks at mens Filippinene og USA blir ramma av øydeleggjande stormar og vitskapen blir meir og meir sikker om klimaendringane, så er det vanskelig å få dei store utsleppslanda til å ta ansvar, seier Solhjell.

USA, India, Kina og mange andre land skal også kutte i sine utslepp fram til 2020, men utanfor ein juridisk bindande avtale.

– Men det positive her i Doha er eit klart signal om å trappe opp innsatsen fram mot 2020, for å sikre togradersmålet. Dei neste tre åra skal vi også arbeide for at alle land i verda får bindande klimamål. Innan 2015 skal vi ha ein avtale som skal gjelde frå 2020, seier Solhjell.

Landa var også samde om at planen om å gje 100 milliardar dollar i året frå 2020 til finansiering av klimatitak ligg fast. Pengane skal kome både frå private og offentlege kjelder.

LES SISTE KLIMANYTT HER!