Bakteriane vinn til slutt

– Bakteriane vil alltid vere i forkant. Vi kan berre forsinke dei, seier professor Arnfinn Sundsfjord.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Den siste veka har vi blitt skremde av E. coli-smitten i Tyskland og har fått angst for bønnespirer og agurk. Men det er antibiotikaresistens hos bakteriar vi har mest grunn til vere redde for?

– Smitteutbrotet i Tyskland er ein kombinasjon av to uheldige ting: Bakteriane er særleg sjukdomsframkallande, og dei er antibiotikaresistente. Til saman har dette gjort smitteutbrotet farlegare enn vanleg, seier Arnfinn Sundsfjord, professor ved Helsevitskapleg fakultet, UiTØ og overlege ved Avdeling for mikrobiologi og smittevern, Universitetssjukehuset i Nord-Noreg.

– Det er allmennkunnskap at stadig fleire bakteriar blir resistente mot antibiotika. Kor redde bør vi vere?

– Det er grunn til å vere bekymra. Antibiotikaresistens er ikkje lett å avgrense, bakteriar kjenner ingen landegrenser. Dette er eit veksande globalt problem.

– Dei dystraste forskarane meiner resistensen grip om seg så fort at vi snart er attende til tilstanden før antibiotika vart oppdaga. Vi har blitt så vande til den tryggleiken antibiotika gjev oss, at det er vanskeleg å tenkje seg tilværet utan.

– I Noreg er det førebels sjeldan at legane står heilt med ryggen mot veggen når dei skal stogge infeksjonane. Men i eit land som Hellas er det til dømes enorme utfordringar med resistente bakteriar på sjukehusa, særleg på intensivavdelingane. Der må ein ofte ty til kombinasjonar av gamle antibiotika som verkar dårleg og har store biverknader. Dette er ikkje noko ein treng å gå og frykte når ein skal ut og ete middag, men det er grunn til uro over utviklinga, særleg ved sjukehusa.

– Er framleis overforbruket av antibiotika hovudårsaka til resistensen?

– Det er det. Når vi brukar antibiotika, skaper vi forhold som gjev fordelar for bakteriar som er motstandsdyktige. Bakteriane har vore her i to–tre milliardar år og tilpassar seg fort nye forhold. Dei utvekslar genetiske eigenskapar raskt og effektivt. Og vi brukar svært mykje antibiotika. I mange land blir det selt utan reseptplikt, ofte i for små dosar til å drepe bakteriane, og det blir brukt i store mengder i oppdrettsnæring utanfor Noreg og som fôrtilskot og til infeksjonsforebygging i landbruket utanfor Europa.  

– Og vi reiser meir og tek med oss bakteriane.

– Ja. Ei undersøking i Sverige av folk som reiste til Asia, synte at ein fjerdedel kom att med nye, resistente bakteriar i tarmsystemet. Det kan ta opptil eit år for kroppen å bli kvitt bakteriane att.

– Det liknar eit våpenkappløp, dette. Utviklinga av nye antibiotika heng ikkje med på utviklinga til bakteriane?

– Bakteriane ligg alltid i forkant. Dei finst i enorme mengder og har enorm variasjon og vil alltid tilpasse seg. Og farmasiindustrien vil heller utvikle medisin mot kroniske sjukdomar, fordi det gjev meir pengar att for innsatsen. Dei siste tretti åra har det berre blitt utvikla éi einaste ny gruppe antibiotika.

– Men om farmasiindustriien sviktar, bør vel offentleg forsking ta større ansvar. Få ting kan ha større allmennytte enn nye antibiotika?

– Utvilsamt. Og dette blir forska på, også av norske fagmiljø. Men dette er komplisert, fleirfagleg og ekstremt ressurskrevjande forsking. Å få eit nytt antibiotikum heilt fram til marknaden kan koste opptil ti milliardar kroner. I dag er berre farmasiindustrien i stand til å gjere det. Men universitetsforskarar kan gje industrien nye idear for utvikling av morgondagens antibiotika.

– Det er stor skilnad på ulike land når det gjeld antibiotikaforbruket. Eg har lese at USA bruker tre gonger så mykje som Noreg per innbyggjar.

– Og det skjer positive ting i ein del land. Frankrike har til dømes gjort ein stor innsats for å få ned antibiotikabruken. Betre hygiene generelt og på sjukehusa spesielt er òg viktig. Det er ingen grunn til å gje opp kampen. Men bakteriane vil alltid vere i forkant. Det einaste vi kan gjere, er å forsinke dei.

– Same kva vi menneske finn på, kjem bakteriane til å overleve oss?

– Dei var her lenge før oss og vil nok overleve oss i det lange perspektivet, ja.

LES SAKA I DAG OG TID!