No smiler Halat

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Eg har missa barndommen min, seier tidlegare asylsøkjar Halat Hassan Mohammad (20). Ho er trønder, men stolt av sitt kurdiske opphav.

LES OGSÅ: Til veggs om asylborn

Den dramatiske reisa
Før ho var ni år flykta Halat saman med mora og fem sysken frå ein landsby i Kurdistan mot Noreg. Kurdistan er er ikkje eit sjølvstendig land, men ein del av Irak. Halat omtalar det likevel som heimlandet sitt og ber eit smykke med det kurdiske flagget i regionens form rundt halsen.

Far hennar hadde vore i Noreg sidan 1999. Nokre år seinare var det deira tur. Men bilen var for liten til å romme dei fire brørne, to systrene, mora, sjåføren og dotter hans. Dei to eldste brørne vart sendt i ein annan bil saman med sin blinde onkel. Det vart ei dramatisk reise.

– Me missa dei og visste ikkje kva som var skjedd med dei før det var gått eit år, fortel Halat.

Brørne hadde vorte stoppa av politiet og send attende, medan Halat, mora, to brør og veslesystera kom heilt til Noreg.

LES OGSÅ: Krev betre vilkår for asylborna

Utrygg i trygge Noreg
Den unge jenta har nyleg vore i Oslo for å fortelje si historie under ein debatt arrangert av Røde Kors Ungdom.

– Det har vore ein stor draum å fortelje mi historie.

For sjølv om ho kom til eit land som var tryggare har det ikkje alltid kjentes slik. I oppveksten var ho redd for å verte kasta ut av politiet. Kvar gong det var bråk på mottaket og politiet kom, lurte Halat på kva som var grunnen. Om dei kom for å ta far hennar.

Ifølgje Redd Barna, som tidlegare i år kom med ei alvorleg stor melding frå asylsøkjarborna, er det ikkje barnevennleg å vere asylsøkjar. Det same kjem fram av Halat si historie.

To vaksne og fire born sov på eitt rom. Ofte fekk ikkje Halat ro til leksene sine før vaksne besøkande var gått rundt klokka tolv. Ho såg tv-bilete av krig og høyrde på dei vaksne sin uro. Det var lite privatliv for dei alle.

– Ein dag sa eg til mamma at me ungane skulle sove på kjøkkenet slik at ho og pappa kunne vere i fred. Då grein mamma og sa at du som er så ung tenkjer på dette.

LES OGSÅ: Vil ha omkamp im asylborna

Saka held fram under biletet.


Halat  Hassan Mohammad vil fortelje om sine opplevingar for å hjelpe andre asylborn

Pengeproblem
Då ho kom til Noreg fekk Halat rett på full undervisning på lik line med norske barn. Mange unge asylsøkjarar hadde sett på det som ein luksus, men Halat skulka mykje grunna mobbing.

Det var ikkje lett å skilje seg ut med å ikkje kunne reise på ferie og ikkje ha råd til dei same tinga som dei andre ungane.

Ho hugsar spesielt ein gong dei skulle på klassetur og ha med seg pengar. Kanskje femti kroner til snop eller grilling. Faren hadde ikkje råa og spurde om å låne av kjente, men Halat ville ikkje at han skulle låne til slikt. Ho visste at etter å ha fått avslag og halvert asylpengane måtte han framleis sende pengar ned til dei to brørne hennar heime.

Ho valde billige klede fordi ho visste at foreldra ikkje hadde råd til anna. Då mora kjøpte den raude jakka Halat hadde ynskt seg lenge – på tilbod til 499 kroner – tykte Halat det var altfor mykje. Men ho sette pris på julegåva.

– Eg følte meg som ein modell.

LES OGSÅ: Må vente fire månader på asylintervju

Brevet til UDI
– Eg byrja å mobbe dei andre. Eg sa ting som "de er ikkje muslimar og de luktar svinekjøt".

Halat og ein av brørne vart deprimerte. 12-åringen tenkte på å ta sitt eige liv og å leggje igjen eit brev, men ikkje til familien.

– Eg skreiv eit brev til UDI som eg har enda. Eg håpte at dei kunne lære noko av meg.

– Eg grein kvar dag, fortel Halat, som likevel har møtt på folk som har vore til hjelp.

Fastlegen gav ho telefonnummeret sitt og ein beskjed om å ringe same kva det var.

Morsmålslæraren leika med ungane for å gjere dei glade. Han såg aldri smilet hennar og gjorde det han kunne for å lokke det fram.

Saka held fram under biletet.


Fagansvarleg på Hvalstad transittmottak Kirsti Wikstrøm får ein god klem av Halat.

Asylsøkjar over grensa
Ein annan person som har gjort inntrykk er Kirsti Wikstrøm. I Oslo treff Halat Wikstrøm, som no er fagansvarleg på Hvalstad transittmottak. Det vert eit hjarteleg gjensyn. Dei minnest begge ferieturen for rundt seks år sidan.

Halat ville på ferie. Kor som helst, berre ikkje Noreg. Kirsti Wikstrøm var mellom leiarane for ei aktivitetsgruppe for unge asylsøkjarjenter. Dei bestemte seg for å stelle i stand ein tur for jentene. Over svenskegrensa.

– Plutseleg kom me på om me hadde lov å ta dei med ut av landet, fortel Wikstrøm.

Dei fekk spesialtillating frå UDI og politiet.

– Eg trur det var dei einaste dagane eg smilte, fortel Halat.

Ho var 14 år og på haustferie i utlandet.

– Me hadde ikkje lyst å reise heim så eg og ei til gøymde oss under sofaen. Men me merka at dei vaksne vart redde.

Dei kom fram att frå skjulestaden og måtte attende til Noreg. Då ho kom heim viste Halat bilete av serveringsstaden Istanbul City og sa det var i Istanbul ho hadde feriert.

LES OGSÅ: – Viktig siger for asylsøkande born

Gåver som varmar
Familien var heldig og fekk opphaldstillating, etter fyrst å ha fått avslag. Dei to eldste brørne fekk òg kome.

No smilar Halat. Ho fortel at no vert menneskerettane hennar oppfylt, men kjenner likevel på dei seks vanskelege åra på asylmottak.

Ho rosar innsatsen til Røde Kors, som organiserer aktivitetar og kjem med gåver på norske asylmottak. Ho brukar framleis lua og vottane ho fekk som 11-åring.

– Eg har sett mange slike i butikkane no og er så glad for den fine gåva eg fekk. Kan du skrive det?

Trass i nokre humpar i vegen er ho no i ferd med å utdanne seg til helsesekretær.

– Ein dag kom det ein liten gut frå mottaket på kanskje fire år. Han hadde ikkje fine klede. Eg gjekk bort og klemma han. Det er jo ikkje heil normalt. Etterpå gjekk eg til mottaket med klede til han, fortel Halat, som gjerne vil hjelpe andre asylsøkjarborn.

Etter at ho har fortalt historia si kjem fleire bort og rosar henne. Ei kvinne som sjølv har vore asylsøkjar er sjokkert over at forholda ikkje er vorte betre etter at ho sjølv budde på mottak.

Halat sjølv meiner at noko av det viktigaste som må gjerast for å sikre dagens asylsøkjarborn ein trygg oppvekst er at politiet ikkje kjem til asylmottak på nattetid og at asylsøkjarar får meir pengar og betre bustadar.

Faktaboks

• 3635 barn budde på mottak i august 2013
• 9259 nye asylsøkjarar har kome frå januar til oktober 2013.
• 798 av desse er einslege mindreårige asylsøkjarar.
• Talet på asylsøkjarar auka med 32 prosent frå same periode i 2012.

Kjelde: UDI