«Kvardagsintegrering» er årets nyord

Statsminister Erna Solberg danka ut «Skam» i Språkrådet si kåring. 

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette er årets nyord

– Skal våre verdiar vinna, må me også få til det me kan kalla «kvardagsintegrering,» sa statsminister Erna Solberg i sin nyttårstale for 2016.

Ifølgje seniorrådgivar Ole Våge i Språkrådet vart dette ein katapult for ordet som er kåra til årets nyord 2016. 

– Populariteten til ordet kvardagsintegrering syner at det dekkjer eit etterlengta behov for å skildra innsatsen som vanlege folk gjer i kvardagen for å integrere flyktningar og innvandrarar. Me trur at dette treffande ordet har kome for å bli i språket, seier Våge i ei pressemelding frå Språkrådet.  

Eit søk i nyheitsarkiver Retriever viser 223 treff på ordet hverdagsintegrering  i 2016, mot berre 3 i 2015. Det nynorske kvardagsintegrering gjev 25 treff i 2016, ingen i 2015 og eitt i 2014.

På Google gjev ordet 4660 treff, fleire av desse er debattar om korleis få til kvardagsintegrering.

LES OGSÅ: Hygge var på topplista, men post-truth vart kåra til årets ord av Oxford-ordbøkene


Suksess-serien «Skam» kunne ifølgje professor Gisle Andersen vore utgangspunkt for ei heil ordliste. Foto: NRK.no

«Skam»-ordliste
Det er Språkrådet og Gisle Andersen, professor ved Noregs handelshøgskule (NHH), som står bak kåringa av årets nyord.

I fjor vart det grøne skiftet kåra til årets ord. Før det hadde me framandkrigar, sakte-tv og verbet å nave.

Årets ord skal  vere aktuelt, kreativt, levedyktig og ha gode språklege kvalitetar. I utveljinga blir det brukt dataverktøy utvikla av forskingsselskapet Uniresearch, som fangar opp nye ord frå mange store riks- og regionsaviser. 

På topplista i år finn me mellom anna paralellsamfunn, brexit, postfaktuell og – inspirert av «Skam».

– Me kunne laga ei heil ordliste berre basert på «Skam». Men blei valt fordi det er så språkleg interessant. Vi veit ikkje heilt opphavet, truleg er det arabisk, men det kan vere noko så sjeldan som eit nytt, norsk ord, seier Andersen til NTB.

Slanguttrykket vart før brukt som kult, medan det no er negativt og kan bety til dømes teit eller keisamt.

Orda i nyordskåringa er ikkje nødvendigvis offisielt godkjent frå Språkrådet, og det er ikkje sikkert at dei kjem i ordbøkene. Det avhengar av om dei slår rot i språket.

LES OGSÅ: Brexit er årets ord i Storbritannia

Faktaboks

Topp ti nyord 2016:

1) kvardagsintegrering

2) lø

3) postfaktuell

4) fleksitarianar

5) parallellsamfunn

6) brexit

7) formidlingsøkonomi

8) pokéstopp

9) burkini

10) det mørke nettet

Kjelde: Språkrådet, Uniresearch