Kva med litt nygrilla tarechips?

Taren veks villig på Værlandet, og no skal han bli mat. Men det er mange skjer i sjøen på vegen til matbordet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen stod først på trykk på Forskning.no.

Daniel Fedøy smiler der han heng over båtripa med fanget fullt av butare. Han er sveitt etter å ha drege det tunge tauet opp til ripa. No saumfer han taren som veks tett i tett bortetter reipet.

Taua står vassrette kring to meter under vassflata. Sju nysgjerrige tilskodarar bøyer seg over ripa og gjev den vesle båten slagside.

– Desse har vokse kolossalt dei siste månadene, fortel Fedøy.

Han er dagleg leiar i Seaweed, eit av selskapa som satsar på kommersiell dyrking av tare. Av 30 konsesjonar har Seaweed førebels ein, med søknad om ein til inne.

LES OGSÅ: Vil servera nordmenn insekt

Fedøy har solide folk med på laget. Denne dagen er både havbrukaren, biologen, biokjemikaren, termodynamikaren og produktutviklaren i same båt ute ved tareåkeren. Saman skal dei skape grunnlag for at taren kan kome på matbordet i større grad, og i heilt andre former enn i dag.

Gründeren
– Dette vart noko anna og eit heilt anna omfang enn eg først tenkte, seier Audun Oddekalv og heiser eit tau med frodig butare opp til dei ivrige tilskodarane.

Oddekalv er i dag styreleiar i Seaweed og driv og Værlandet fiskeredskap. For eit par år sidan spekulerte gründeren og praktikaren Oddekalv på kva meir han kunne nytte alt verktøyet til. Ein må ha fleire bein å stå på skal ein overleve på ein så liten plass som Værlandet og Bulandet, ei samling øyer i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane.

LES OGSÅ: Super-trendy med safting og sylting

Ein dag kom han over ein reportasje om tareprosjektet til Norges Vel. Dermed byrja tankane å svive og ballen å rulle. No leverer han også tareanlegg til konkurrentane.

Men som i all gründerverksemd går ikkje utviklinga beint framover. Sjølv om taren veks godt, har han enno ikkje fått den kvaliteten dei hadde håpa på. Fedøy innser at hausteperioden vert mykje kortare enn dei har rekna med i år.

Artikkelen held fram under biletet.


Vind i taresegla. Laksekrullar med taresalat.

Næringsrik nyskaping
Kommersiell dyrking av tare til mat er eit heilt nytt felt innafor akvakulturnæringa i Noreg. Om lag ti firma prøver seg med dyrking av tare. Taren kan nyttast til ulike bruksområde som spenner frå komponentar i mat- og helseprodukt, fôr, gjødsel og bioenergi. Men Seaweed tenkjer mat: Kvifor ikkje berre ete taren som den er med alt det gode den har i seg?

Tare er rik på mineral og vitamin,  mellom anna B12 som vegetarianarar og veganarar treng. Protein i taren har høgare innhald av essensielle aminosyrer enn planter som vert dyrka i landbruket. Tare kan og ha medisinske eigenskapar som antibiotisk verknad, styrking av immunforsvaret og kolesterolsenkande effekt.

LES OGSÅ: Forslag om klimaavgift på kjøt får lite støtte

Hausten 2014 tok Norges Vel ved Lill-Ann Gundersen initiativet til å søke om støtte frå Regionalt Forskingsfond Vest (RFF Vest) saman med bedrifta. Dei tok kontakt med Nofima, Sintef fiskeri og havbruk og Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (Nifes). Alle vart med, og samarbeidet resulterte i prosjektet på Bulandet og Værlandet delfinansiert av RFF Vest.

Tareåkeren
Rett aust for ferjekaia på Værlandet ligg rekkene med raude blåser. Det er ikkje tilfeldig at tareåkeren ligg her. Dei må ta omsyn til høveleg temperatur, reint vatn, god gjennomstrøyming og le for stormane som ofte rir kysten.

Denne sesongen har Seaweed satsa på tre typar tare: butare, sukkertare og fingertare. Den mest anvendelege er butaren. Han smakar godt og inneheld mindre jod enn dei andre to typane. Den fjørliknande planten kan bli opptil tre meter lang. Sukkertaren liknar butaren, men manglar midtribbe. Derimot inneheld han mykje jod og veks veldig fort.

Forskaren
Det nedlagte fiskemottaket ved butikken på Bulandet har fått nytt liv med tareprosjektet. Dagleg leiar Daniel Fedøy har lagt til kai og viser rundt i produksjonslokala. Fedøy sa opp jobben som fiskar for å satse på tare.

– Vi nyttar det vi har av utstyr frå før og løyser behova med nokre få nye maskinar. Kreativiteten har ingen grenser når det gjeld gjenbruk.

– Dette er moro. I dette prosjektet kan eg bruke alle utdanningane mine, smiler teoretikaren Dagbjørn Skipnes i Nofima.

Han er sivilingeniør, termodynamikar og har doktorgrad på varmebehandling av torsk. Dei diskuterer arbeidslina, og forskaren har mange forslag. Korleis skal ein vaske, kutte, pakke? Kor store skal pakkane vere?

– Vi veit ikkje heilt kva maskiner som trengst enno. Det kjem an på korleis ein vil produsere. Skal dei blokkfryse eller singelfryse? Det er vanskeleg å pakke heile blad. Kva med å hermetisere? Sylte? Tørke? foreslår forskaren.

Dei to er samde om at dei vil følgje planen, men framleis vera opne for nye idear.

LES OGSÅ: Erstattar kebab med vaffel?

Tareproduktet skal undersøkjast grundig for å sikre at matkvaliteten er god. Mellom anna skal forskarane vurdera fargen på taren. Ein lys, klar og grøn farge gjer seg betre på tallerkenen enn mørk brun. Teksturen er også viktig når taren skal vera mat. Han må vera god å tygge – korkje seig eller dvask.

Blindpassasjerane
Ny på laget er miljø- og energiingeniøren Marthe Jordbrekk Blikra, som i løpet av det neste året skal skrive ei masteroppgåve i biokjemi ved Nofima om kva mikroorganismar som vert med taren opp frå havet. Ho klør i fingrane etter å gå i gang med studia av mikroorganismane. Nokre av dei forsvinn når taren vert vaska. Nokre døyr under nedfrysing, andre under varmebehandlinga.

– Eg liker tareprosjektet fordi det er berekraftig og økologisk. Dei nyttar ein ressurs som ikkje belastar miljøet, seier ho.

Sidan det ikkje eksisterer noko regelverk med grenseverdiar for framandstoff i tare, ligg det eit stort arbeid i å analysere og vurdere risikofaktorar, slik at ein kan sikre produksjon av trygge råvarer og matvarer. Blikra skal levere rapporten sin i juni 2016.

Grønsaker frå havet
Vegg i vegg ligg kafeen Havsalaten. På kjøkenet står Gunhill Sæle-Bjørkhaug og lagar gulrotsuppe på tarekraft. Med inspirasjon frå kokkane på Norsk Sjømatsenter har ho utvikla nokre eigne tareoppskrifter, mellom anna pestovariantar.

LES OGSÅ: Ro, ro til fiskeskjær

Lekre, små kanapear med eit grønt taresegl på ventar på svoltne forskarar og gründerar. Om prosjektet lukkast, er det stor sjanse for at lekker taremat kjem på menyen til Havsalaten.

Artikkelen held fram under biletet.


– Det er slike tareflak gourmetkokkane vil ha, fortel Gunhill Sæle-Bjørkhaug på Havsalaten kafe.

Tarevarer
Førebels er det ingen som dyrkar tare til mat for ordinært sal i Noreg. Men prognosane for Seaweed ser lovande ut, og interessa for produkta vert stadig større.

– Det er eit stykke fram, innser Oddekalv.

Dei trudde marknaden ville ha ferdig kappa blad. Men så synte det seg at gourmetkokkane ynskjer heile flak. Det vert mykje prøving og feiling framover.

Saman med prosjektdeltakarane skal dei i året som kjem betre dyrkingsteknikken, sørgje for at mattryggleiken vert teken vare på, og utvikle marknaden, slik at tareproduktet vert tilpassa dei som vil kjøpe det.

LES OGSÅ: Dyrkar jordbær i undersjøisk drivhus

Faktaboks

Visste du at…

I dag vert tare nytta mykje som mat i Asia. Også USA, Island og Irland er blant dei landa der tare er på veg inn som mat.

I Norden har tare vorte nytta som mat heilt sida vikingtida. Særleg tørka søl, ein raudalge, var ein viktig del av kosthaldet når vikingane reiste på tokt. Ikkje minst heldt taren skjørbuken unna.

I nyare tid har tare mellom anna vorte nytta som kosttilskot. Nærings- og legemiddelindustrien har i mange år nytta alginat som bindemiddel. Vitalia taremel vart marknadsført som gudegåva frå havet. For kystbøndene har tare vore ein god ven å ty til i vårknipa som dyrefôr, men og som jordforbetringsmiddel.