Keisarens nye ordklede

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er rett og slett eit forsøk på å kle av politikar- og byråkratspråket, og dei hersketeknikkane dei bruker. Det er eit ganske alvorleg tema, men i ei satirisk form, forklarer éin av dei to forfattarane, Arne Klyve, som til dagleg er undervisningssjef ved Bergensklinikkene.

Boka, som har undertittelen «Slå tilbake mot byråkratispråk og nyord fra næringslivet», har han skrive saman med norsklektor og forfattar Jon Severud, mens dei har fått idéhistorikar Morten Strøksnes til å skrive forordet.

– Vi skulle eigentleg skrive ei heilt anna bok om offentleg styring og korleis new public management – som det heiter så fint – har infisert veldig mykje av språket vårt og tenkinga vår. Så vart det i staden ei ordbok om dei mest pussige av dei mange omgrepa vi har tatt i bruk i helsevesen, skule, barnehage, politi og så vidare, seier Klyve.

LES OGSÅ: Borar for miljøet

Ein kjempeblekksprut
Nemninga new public management (NPM) blir nytta om den marknadstenkinga som kom inn i offentleg sektor på 1980-talet, der ideen er at det offentlege blir meir effektivt om bedriftsøkonomiske prinsipp blir lagt til grunn. Forfattarane har ikkje så mykje til overs for det dei meiner har vorte ein kjempeblekksprut «som holder de lange tentaklene sine om offentleg sektor».

– Gjennom konkurranseutsetjing, internfakturering, stykkprisfinansiering, fiktiv måloppnåing og liknande prinsipp skulle det offentlege bli meir dynamisk og lønnsamt. NPM har ganske visst endra Noreg, men dei «negative bieffektane» er ofte katastrofale, skriv Severud og Klyve i innleiinga til ordboka.

– Men først og fremst er det denne infiseringa av språket med vareterminologi og bedriftsøkonomisk tankesett, som pregar så mykje av måten vi snakkar på og rapporterer på, vi rettar søkjelyset mot. Det har nesten vorte viktigare å telje enn å tenkje, og mange av oss plagast av dei orda som følgjer med, seier Klyve.

LES OGSÅ: – Faremo kan bli årets tåkepratar

Distanseord
Blant desse orda er «biomasse», som eit helseføretak brukte om pasientane som stod på venteliste ved sjukehusa, sjølvmotseiande omgrep som «styringsdialog» og «dialogmøte», Nav-diagnosen «manglande buevne», «horisontal samordning» i staden for flat organisering og så vidare.

– I barnehagen finst det jo ikkje barn lenger, dei tel einingar. Og rektor har vorte resultateiningsleiar. Og så skjønner ikkje vanlege folk det lenger.

– Det er rett og slett distanseord, dette, ord som skaper avstand mellom folk. Eg arbeider sjølv med menneske, men eg vil ikkje rapportere inn «kundematrisen» vår altså. Da får eg kjensla av å jobbe med joikakaker eller noko slikt og ikkje med menneske. Når du reiser med tog, er du ikkje lenger passasjer eller reisande, men kunde. Kundeomgrepet sig inn over alt, seier Klyve – som har eit favorittord:

– «Brukarmedborgarskap» er eit ganske flott ord. Det er ganske uforståeleg. Korleis kan nokon finne på å bruke eit slikt ord? undrar han..

I innleiinga håper forfattarane på eit retteleg dårleg år for new public management og ønskjer meir debatt om marknadstankegangen i offentleg sektor.

– Men det ser ut som vi skal streve med dette nokre år til. Eg trur ikkje denne boka blir vippepunktet. Men det er kjekt om mange av dei som blir plaga av dette, får lyst til å delta meir i samtalen. Og da kan humor vere ein god måte å få i gang debatten på, trur Klyve. (©NPK)

Les fleire saker om språk og makt her!

Har du døme på tåkeprat eller maktspråk? Del det med oss i kommentarfeltet under!

Faktaboks

Nokre NPM-ord
Agenda: Jålete uttrykk for saksliste eller dagsorden

Brukarmedborgarskap: Brukt av Bærum kommune, men uvisst kva det betyr

Coaching: Populært og kostbart semiprofesjonelt kvakksalveri

Dialogmøte: Møte; jf. monologmøte

Elev: Utgått nemning for unge menneske under utdanning

HR-avdeling: (Human Resources) Personalavdeling, nemning som kan brukast til å skjule personalpolitikken når han ikkje er viktig.

Konkurransegen: Eit ukjent gen som forklarer konkurranseåtferd

Eigarkompetanse: Moderne ord for gnitenskap

Handlingskompetanse: Nyttig innhaldslaust ord som kamuflerer at vi verken har gjort noko eller skal gjere noko.

Konsensuspunkt: Enda eit imponerande moteord, semje.

Kostnadseffektiv: Fordyrande endring – privatisering, nedbemanning og meir å gjere for dei som blir igjen

Målstyring: Populær øving som gir private aktørar rikt høve til å utvikle kostbare dataprogram, middelmåtige kurs og unødvendige undersøkingar. Pregar alle norske reformer i offentleg sektor.

Passive ytingar: Ufortent støtte frå Nav

PISA: Stor skuleundersøking (PISA Grandiosa), truleg iscenesett av media, slik at dei årleg kan bruke krigsoverskrifter for å fortelje kor dårleg det står til med femtenåringane.

Reform: Forme på nytt igjen, ofte med mislykka resultat

Skuleeigar: Kommunar og fylke, som eig skulane sjølv om dei «ofte ikke er klar over det selv», som KS skriv på nettsidene sine.

Styringsrett: Innbilt juridisk rett