Hjelp over alle grenser

Ingeniørar Utan Grenser vil at fleire ingeniørar skal spesialisere seg på bistandsarbeid.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I februar 2011 vart Ingeniørar Utan Grenser stifta i Trondheim. Dei har eit hovudstyre, og mange små grupper rundt om i heile landet.

– Cirka 50 av dei 250 medlemmane held til her i Trondheimsregionen, kan styremedlemmet Halvor Myhrvold fortelje.

Eit av måla for gruppa i Trondheim er å få folk til å skrive masteroppgave med nytte for naudhjelp, bistand eller miljø.

– Nett no er det ein som skriv om vassturbinar for Remote Hydrolight, og det er fire til som skal skrive for same organisasjon i året som kjem, seier styremedlemmet Kaja Marie Flottorp.

Tett samarbeid
Ingeniørar Utan Grenser driv ikkje prosjekta i dei trengande landa sjølv, men samarbeider tett med diverse hjelpeorganisasjonar, slik som Remote Hydrolight. Dei byggjer mellom anna vasskraftverk i Afghanistan utan profitt.

– Slik kan masterstudentar bidra med teknologisk kompetanse til ulike hjelpeorganisasjonar, som mellom anna Remote Hydrolight, der dei testar og forbetrar vatnturbinar, seier Myhrvold.

Dei engasjerte studentane prøver òg å få i gang eit prosjekt i Nicaragua.

– Der prøver vi å lage ei bærekraftig energikjelde vi kan lite på til ein skule. Vi er i kontakt med SAIH som har kontakt med ein lokal skule, og slik kan vi bidra til å fremje utviklinga i området, seier Myhrvold.

Organisasjonen har om lag 50 medlemmer på NTNU.

– Viktig å få folk til å skjøne at dei kan bidra
Ingeniører Uten Grensers fokuserer òg på ferdigutdanna ingeniørar.

– Vi jobbar for at flest mogleg arbeidsgjevarar skal kunne tilby bistandsretta arbeid ved sidan av den «vanlege» jobben sin når ein er ferdig utdanna, seier styremedlemmet Arve Olaf Torgauten.

Dei held òg foredrag for å poengtere ovanfor studentane på Gløshaugen kva rolle ingeniørverksemd kan ha i bistandssamanheng.

– Det er viktig å få folk til å skjøne at dei kan bidra med kunnskapen sin, seier Døli.

Arbeidet deira har òg gjeve seg utslag i undervisinga som ein har tilbod om på Gløshaugen.

– Frå hausten startar eit emne som handlar om bistand, fortel ei nøgd Flottorp.

Les saka i Under Dusken her!