Framtidas framkomstmiddel?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 18.12.2017 10:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Revolusjon for transporten

Elon Musk, kjent for dei elektriske bilane Tesla og romfartsverksemda Space X, har fått ein ny idé, og når Musk får ein ide følgjer verda spent med.

– Eg har kome eit stykke i tenkinga. Kanskje eg kan starte det, og så gje det vidare til nokon andre, sa Elon Musk måndag, han legg no ut eit 57 siders dokument om Hyperloop til ålmenta.

Les heile dokumentet om Hyperloop her.

Sende bilar
Hyperloop er store røyr over bakkenivå, som med hyppige avgangar skal sende aluminiumskapslar med opptil 28 passasjerar — eller til og med bilar — i 1200 km/t til endedestinasjonen. Dei to røryra — eit kvar veg — skal byggjast over bakken, vere jordskjelvsikre og vere drivne av solcellepanel på taket og store turbinar ifølgje Wired.com.

– Det er mykje meir solcellepanel på taketarealet enn ein treng, seier Musk, som siktar til mengda energi som trengs for å drive Hyperloop.

I tillegg til å vere grunnleggjar av Space X, medeigar I Tesla Motors og produktdesignar hjå begge, er Musk hjernen bak internettbetalingssystemet PayPal og er no styremedlem i solcelleprodusenten SolarCity.

– Det er ein ganske gammal science fiction-idé, men Elon Musk er ein type som kan få det til, kommenterte fysikar Martin Archer frå Imperial College London til britiske BBC.

LES OGSÅ: Kappløp om supersolceller

35 minutt
Å setje opp ein slik bane mellom storbyane San Fransisco og LA vil ifølgje Musk koste mellom 6 og 10 milliardar dollar — og korte reisetida ned til 35 minutt. I tillegg til å ta litt over ein halvtime vil turen, som er om lag same distanse som Bergen-Trondheim, koste rett over den norske hundrelappen.

Teslabloggen skriv Musk at han var skuffa då han såg dei nye planane for høgfartstog i California, ei løysing han meiner er noko av det dyraste og treigaste i verda. Oppfinnaren utforma difor si eiga løysing for strekninga San Fransisco og Los Angeles.

LES OGSÅ: Tog kan bli prioritert framfor veg

Eksisterande teknologi
Det er ingeniørar frå både Tesla og Space X som har utarbeidd ideen, som er langt frå ferdigstilt. Inspirasjonen kom frå vakuumrøyr som vart nytta til å sende ark med beskjedar i. Problemet er at det er umogleg å oppretthalde eit vakuum over ein så stor distanse. Ingeniørane tok sikte på å nytte teknologi som eksisterer, vere mest mogleg landeffektive og få trykket ned inni røyret.

LES OGSÅ: — Veg bør brioriterast framfor tog

Illustrasjonen frå Tesla Motors viser korleis Musk og folka hans tenkjer hyperloopen.

Sjå Elon Musk forklara hyperloopen i denne videoen!

– Ein stor elektromagnet
Kvar kapsel står på eit par ski, laga av nikkellegeringar som Space X har patent på. Ved hjelp av luft pumpa gjennom små hol i skia, magnetar og elektromagnetisme, skal kapslane fyke framover.  To luftinntak i fronten på kvar kapsel og ein elektrisk turbokompressor sørgjer for at luft blir sendt bakover og kapselen blir sendt framover.

– Det gjer luftskia til ein stor elektromagnet, forklarar Musk.

Den elektriske motoren vert tilsvarande den på Tesla Model S, ifølgje skaparen.

LES OGSÅ: Ringeriksbanen milliardmaskin

Vil ikkje byggje sjølv
Ifølgje Musk vil akselereringa likne den ein opplever i eit stort fly, men resten av turen vil ein ikkje kjenne farta.

Musk trur at teknologien fungerer best til distansar på rundt 150 mil, fordi akselereringa tek lang tid. Til endå lengre distansar meiner Musk at fly framleis er det beste.

Tidlegare harMusk uttalt at han ikkje har planar om å byggje Hyperloop sjølv, men seier no at han er freista til å lage ein prototyp.