– Folk stoler for mykje på maten

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me har ei forventning om at alt skal vere trygt å ete. Eit døme er grillpølser, som folk et utan å varme dei og utan å tenkje på risikoen ved det. Produktet er ikkje meint til å bli ete rått, men folk tek det som ei sjølvfølgje at det er greitt. Me er ikkje så opptekne av risiko som forbrukarar, seier Anita Nordeng Jakobsen ved institutt for matteknologi ved Norges teknisk- naturvitskaplege universitet (NTNU).

– Det er jo fordi vi har ein veldig låg førekomst av sjukdommar knytt til mat i Noreg i forhold til andre land, legg ho til.

Både innovasjon i matproduksjon og tillit til mattryggleik stod på programmet under konferansen Trygg mat – vårt ansvar i Oslo denne månaden. Konferansen blei arrangert av Forskingsrådet og Forskingsmiddel for jordbruk og matindustri i samarbeid med Mattilsynet og Vitskapskomiteen for mattryggleik.

LES OGSÅ: Usamde om faren ved oppdrettslaks

Rå fisk og importerte urter
Jakobsen kallar sushi for den nye tacoen, og tek det fram som døme på eit produkt som set nye krav til mattryggleiken hjå produsentane, og at risikogrupper i befolkninga difor bør vere meir medvitne om mattryggleik i slike varer.

Det er mange ledd mellom produksjonen og middagsbordet. I sushi blir rå fisk blir pakka saman med ris og grønsaker, og forskaren tek fram produktet som eit eksempel på ei kompleks verdikjede og eit produkt som sett høgare krav til hygiene.

– Den største delen av ansvaret ligg hjå produsenten og dei som distribuerer produktet, som skal halde dette kaldt og så vidare. Eg tenkjer at dei som er spesielt utsette bør vere på vakt: til dømes gravide som har ein større risiko for bakterien listeria som kan skade fosteret, seier Jakobsen.

Forskaren ved NTNU er klar på at ho ikkje meiner at folk skal unngå sushi, men at denne type mat sett større krav til produsenten.

– Det har ikkje vore nokon sjukdomsutbrot med sushi i Noreg så langt, men det er ein større risiko med eit slikt produkt enn det er med mat som er varma eller behandla. Eg seier absolutt ikkje at sushien i dag er farleg, seier Jakobsen.

LES OGSÅ: Kan bli alvorleg sjuke av importert mat

– Tilrår norsk mat
Jakobsen meiner at me bør ete norsk og nær mat etter sesong dersom me vil tenkje mattryggleik og berekraft som forbrukar.

– Dersom me transporterer ting frå andre sida av verda så er det ein heilt annan bakteriell flora, og du tek samtidig inn importlandet sitt syn på mattryggleik. Me har hatt få utbrot av sjukdommar som følgje av mat i Noreg, men det kan fort endre seg; jo meir global handel det blir, jo større er risikoen for å få likande tilstandar som resten av Europa eigentleg, seier forskaren.

– Det er ein større risiko med importerte urter, enn norske. Dersom ein ser på statistikken har det vore ein forskjell. Nokre varer er det meir risiko med enn andre, seier Jakobsen.

Vegetabilske råvarer kan vere av norsk eller utanlandsk opphav og importerte grønsaker kan ha ei større utfordring når det gjeld mikrobiell smitte, fortel forskaren. Og fleire sjukdomsutbrot er knytt til importerte urter.

Faktaboks

Ny undersøking om haldningar og tillit til ulike matvarer:

► 81 prosent har høg tillit til at maten dei handlar i norske butikkar er trygg

4 av 10 seier at dei er svært eller ganske bekymra for ein eller annan ting

► Folk er mest bekymra for restar av antibiotika og andre medisinar i maten

Energidrikkar toppar lista over produkt folk unngår, tett følgt av oppdrettslaks og kvitt kjøtt

537 deltakarar frå heile landet deltok i undersøkinga med spørsmål om haldningar til mattryggleik  tillit og frykt for ulike produkt

Kjelde: Forskingsrådet