Fleire unge vil satsa på landbruk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tal frå Samordna opptak viser ein auke frå 385 til 461 søkjarar som har eit landbruksrelatert fag som sitt fyrsteval. Rekorden har studiet økologisk landbruk ved Høgskulen i Hedmark, med 110 fyrstevalsøkjarar. 

614 har fått tilbod om studieplass innanfor landbruksfag no i haust.

– Dette er gledelege tal som syner at ungdommen trur på ei framtid i landbruket. Konkurranse om studieplassane bidreg til godt motiverte studentar, og det vil gi studiane meir prestisje. Noko som igjen bør føre til gode resultat og god gjennomføring, seier landbruks- og matminister Dale (bildet).

LES OGSÅ: Rekordpopulært for unge å læra gardsdrift i sommar

Aukande interesse på vidaregåande
Ifølgje Utdanningsdirektoratet har talet på ungdom som søkjer seg til vidaregåande landbruksretta utdanning auka synleg.

15 prosent fleire enn i fjor har søkt seg til naturbruk. Det er ein forsterka trend frå dei siste par åra.

Dei fylkeskommunale skulene kan i år tilby skoleplass til 1774 av dei 1932 søkjarane til programfaget naturbruk.

– Eg er glad for den auka interessa for landbruksrelaterte fag på vidaregåande nivå. Dette er med på å leggje eit godt grunnlag for at landbruksnæringa framover kan få naudsynt kompetanse, seier landbruks- og matminister Dale.

Les også:

På Ås kan forskarane sjå rett inn i magen på kyrne. Dei jobbar med å finne det beste fôret til Dagros.

Landbruket i dag står for store utslepp, men norske bønder kan kutte klimagassutsleppa med 20 prosent utan å produsere mindre mat