Fleire fullfører vidaregåande skule

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire fullfører vidaregåande

Ifølgje ferske tal frå SSB er det ein større del kvinner enn menn som fullfører. Flesteparten av dei som fullfører, går på studieførebuande utdanning.

I 2008-kullet gjennomførte 83 prosent av elevane på dei studieførebuande utdanningsprogramma. Gjennomstrøymingsgraden for kvinner var 87 prosent, medan delen menn som fullførte, var 79 prosent.

For dei yrkesfaglege utdanningsprogramma låg gjennomstrøyminga på totalt 57 prosent: 60 prosent av kvinnene og 56 prosent av mennene fullførte denne utdanninga på maksimalt fem år.

SSB meiner utdanningsnivået til foreldra og karakterar frå grunnskulen har betydning for om elevane fullfører vidaregåande opplæring. Blant elevar som har foreldre med lang høgare utdanning, fullførte 88 prosent på fem år.

Sogn og Fjordane er fylket der flest elevar fullfører vidaregåande utdanning, med 78 prosent. Dei siste åra har fylket hatt flest grunnskulepoeng per elev. (©NPK)

LES OGSÅ: – Nedlegging vil bli eit tap for heile landet