– Nedlegging vil bli eit tap for heile landet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vil bli eit tap for heile landet

– Det er eit springbrett til ein livsstil utanfor det industrialiserte samfunnet, seier Eske Tage, ein av tre danskar på VG2 landbruk og gartnernæring ved Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH).

Berrføttskoa hans sig ned i den pløydde jorda. No skal hesten gjere nytte for seg. Føraren har ein lang pisk, snakkar dansk og smattar på fjordingen.

Rekordmange søkjarar
Til hausten har den økologiske skulen rekordmange søkjarar og venteliste til Vg2.

Komande skuleår har heile fire danskar kome inn, men om det kjem eit nytt kull etter dei er framleis usikkert. Jordbruksskulen, som er landsline og den einaste økologiske jordbruksskulen i Noreg, står i fare for å verte lagt ned.

Skulen treng oppussing 43 millionar på kort sikt. På lenger sikt må meir investerast. Fylkeskommunen, som er eigar, har stilt som krav at 40 prosent av oppussinga må finansierast av andre. Sidan skulen har landsliner innafor landbruk, er det naturleg å vende seg mot staten. Korleis driftskostnadane skal fordelast framover er heller ikkje avklart.

Venneforeininga til skulen har sagt dei kan spytte i delar av summen, men framleis trengst meir. Aurland kommune har freista å få eit møte med Kunnskapsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet utan å lukkast.

Skulen sin lagnad vert avgjort i fylkestinget 11.-12. juni.

LES OGSÅ: Ber Listhaug redda økoskulen

Ein gamal gamp
Skulen har ikkje eiga hesteline, men hestefag. Eske har teke såprøvar saman med læraren og er klar til å styre fjordingen Elmitra gjennom åkeren.

Mellom dei er ei gamal såmaskin. Over ruvar fjella. Å rygge med hest kan vere like utfordrande som å rygge med tilhengar. Lærar Janicke Hoel er med han heile vegen

Grunnen til at 25-åringen har vendt nasen frå flate Danmark til fjellfylte Aurland er eine og åleine skuletilbodet, som han fann på internett. Dansken leita etter tilsvarande utdanningar over heile Europa og fann to aktuelle, ein i Nederland og ein i Noreg. Ifølgje Eske er dei danske økologiske skulane meir fokusert mot stordrift. I Aurland har dei eit meir heilskapeleg fokus på gardsdrift frå A til Å. Frå frø til foredling.  

LES OGSÅ: Økologisk mat fall i smak

Purrelauk
Det er mykje praktisk arbeid både i fjøs og på marka for elevane, som kjem frå heile landet, og enno lenger borte ifrå. Elevane i hagebruk set purre og sår gulerøter. Traktorane er ikkje nyaste sort frå John Deere, men elevar plogar opp med rettleiing.

Fleire som kjem hit har allereie ei utdanning i lomma. Nokre er sjukepleiarar, medan andre har erfaring frå landbruket.

Jon Ivar Tofte er utdanna agronom frå før, og er no i gong med si andre landbruksutdanning. Han ville ha ei breiare utdanning, og trekk fram det heilskapelege fokuset og foredlingsfaga, som noko som skil skulen frå andre landbruksskular.

Skulen har både kyr og geiter, samt foredling av mjølka deira. Den vert til ost og yoghurt. Slakting og baking er andre aktivitetar som føregår på skulen.

– I tillegg har dei høg kompetanse på birøkt. Det er mykje nisjeprodukt, noko ein ser at vert meir og meir aktuelt når mindre gardar treng fleire bein og stå på, meiner Jon Ivar, som drøymer om eigen gard og å kunne arbeide fulltid som bonde.

Han er ikkje i tvil om at skulen er unik i landssamanheng.

– Det vert eit stort tap for det økologiske landbruket og heile landbruks-Noreg om skulen vert lagd ned, seier 21-åringen frå Heidal i Nord-Gudbrandsdalen.

LES OGSÅ: Tener best på økologisk


Jon Ivar Tofte (framme til venstre) held på med purreplanting og si jordbruksutdanning nummer to.

Familiefjøs
Det er langt ifrå alle elevane som har eigen gard å kome attende til. Dei som har gard leikar gjerne med tanken om å ta over, men er ikkje heilt kome fram til det endelege svaret enno. Ei jente kjem frå ein geitegard på Vinje, og er ikkje framand for tanken om å ta over. Likevel vert det litt vel bindande å seie det på trykk.

Noko av det som skil denne vidaregåande skulen frå andre, er alderssnittet og det internasjonale preget. I år er snittet i VG2 på 29 år. Det er rekordhøgt, men skulen har lenge lokka til seg eldre søkjarar enn dei som er i vidaregåandealder.

Fleire, mellom dei Renate Håvik, seier at aldersnivået var avgjerande for studievalet.

– Eg har i mange år sagt at om eg skulle gå vidaregåande opp att, så skulle eg gått jordbruk, fortel Håvik.  

29-åringen frå Fusa har med seg ei lita dotter på 2,5 år. Ho går i barnehage nesten inne på skuleområdet. Desse borna går i fjøset ein gong i veka. Når ho vil, kan mora kome innom og gje ein klem.

– Det er utruleg bra tilrettelagt for familiar skryt, Håvik.

LES OGSÅ: Kranglar om økologisk mat


Signe Rui frå Vinje (t.v), danske Andreas Lund og Renate Håvik frå Fusa trivst godt i åkeren.

Ekte skulemjølk
Skuledagen og faga glir inn i kvardagen til elevane. Den som vil jobbe ekstra i fjøset kan gjere det kva tid som helst. I tillegg er det ope eldhus, rokk til å spinne på, hytte til familievitjing og kajakkar ved fjorden.

– Det er eit vanvittig godt miljø og ein opplever mykje på kort tid, skryt 36 år gamle Kari Klugstad frå Fosen.

No sit alle elevane samla i kantina for lunsj. Mykje av råvarene dei sjølv har produsert, er no tilbake på deira eigne fat. På menyen i dag står fiskepudding med poteter, ertestuing, salat, gulrøter og vegetariske kålruladar. Til dessert er det sagosuppe med skuleprodusert mjølk.

Eske Tage drøymer om å jobbe frå hand til munn og leve i pakt med naturen, tilbringe tid med borna – når den tid kjem. Kanskje er dette vegen å gå.

LES OGSÅ: Bønder lite interessert i økologisk drift

Framtidsuro
På rektors kontor er ikkje stemninga like god som i matsalen. Det er ein tydeleg sliten rektor som tek imot Framtida.no.

– Overlevinga tek mykje fokus, seier Bjørg Fritsvold.

Den første evalueringa av skulen si framtid vart sett i gang i 2005. Dei siste signala går ut på at noko av oppussinga kan utsettast, slik at skulen får lenger tid på seg.

– Det manglar ikkje på positive ord. Det er ikkje måte på kor viktig skulen er, seier rektoren, som ser mindre til handling.

Ho har vanskeleg for å førestille seg at skulen ikkje skal halde fram.

– Verda i dag – med klima og miljøutfordringar – skrik etter denne kompetansen. Jordbruket må ta sin del av ansvaret for klimautfordringane. Om ikkje det er svaret, så er det i alle fall retninga, seier Fritsvold, som meiner skulen si framtid er ei viktig symbolsak for heile landet.


Eske Tage et mat som han har vore med å produsera. Økologiske gulrøter, kålruladar, poteter og ertestuing med fiskepudding til.


Elevane bur på internat, alle bygga treng sårt oppussing.


Vidar Grepperud får rettleiing i traktor, medan medelevane Andreas og Kari morar seg.