Difor skriv dei skole i skulebøkene
Forlaga svarar. Elevrådsleiaren ved Noregs største nynorske vidaregåande skule reagerer.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Difor skriv dei "skole"
Elevrådsleiaren ved Stord vidaregåande, Morten Habbestad, har skrive brev til Språkrådet med spørsmål om kvifor nesten berre ordet ”skole” blir brukt i norske skulebøker, sjølv om ”skule” er mykje meir brukt munnleg.
LES OGSÅ: Vil ha vekk skole i skulebøkene
I ein kommentarartikkel på Framtida.no har også påtroppande leiar i Norsk Målungdom, Vebjørn Sture, peika på ”skole” er brukt mistenkjeleg mykje i skulebøkene.
Me har spurt forlaga om dei bruker ”skole” eller ”skule” og kvifor dei gjer dette.
Samlaget:
Dei einaste som berre bruker ”skole” i skulebøkene sine er Samlaget Undervising.
– Verka våre har lærarrettleiingar og dei fleste av desse, i alle fall historisk, er fellesutgåver med 50/50 prosent bokmål og nynorsk. Der er det då nærliggjande å bruka fellesformer. Alt marknadsføringsmateriell er på nynorsk, òg det som går til bokmålsbrukarar. For desse tekstane er det då meir nærliggjande å bruke "skole". Om ein brukar "skole" i dei to døma ovanfor talar mykje for at ein for heilskapens skuld òg brukar "skole" i heile verket, i alle verk og i all annan tekst som blir publisert av avdelinga, skriv informasjonssjef i Samlaget, Karin Helgøy til svar.
Fagbokforlaget
I løpet av mai månad blir selt til Fagbokforlaget. Kva seier då dei om bruk av skule eller skole?
– Eg kan diverre ikkje svare på ståande fot. I så fall måtte eg gå inn i bøkene å sjekke. Eg har berre teke ein stikkprøve i ei utvald bok, og der er ordet ”skole” brukt. Men om det er slik i alle bøkene, kan eg ikkje svare på, seier Trond Soldal, redaksjonssjef i Fagbokforlaget.
– Alle manus blir språkvaska av profesjonelle språkkonsulentar, som held seg til den sokalla ”læreboknormalen”. Dei følgjer altså retningslinene gitt av Språkrådet.
Gyldendal Undervisning:
– Me følgjer dei reglar og normer som gjeld for språk i skulebøker, og me har ingen spesiell meining om det bør vera meir eller mindre valfridom. Me har internt ikkje hatt nokon felles norm for kva for nynorskformer som er blitt brukt i bøkene våre – det har vore opp til den enkelte redaktør og omsetjar, og eventuelt forfattarar dersom dei har hatt noen sterke synspunkt. "Skule" og "skole" har vore likestilte former lenge, og så vidt me veit vil dei framleis vera det i den nye rettskrivingsreforma i nynorsk som skal gjelda frå august, seier informasjonssjef Bjarne Buset.
Cappelen Damm:
– Me held oss som regel til språkvaskarane og omsetjarane våre, og verka kan difor ha ulike former etter kva for fagpersonar som er brukt. Dette gjeld både bokmål og nynorsk. For eksempel vil du kunne finne både skole og skule i våre bøker, seier redaksjonssjef Hege Hermo.
Aschehoug:
– Me har to flinke konsulentar som arbeider fast for oss, og dei to omsett så å seia alle våre læremiddel frå bokmål til nynorsk. Desse to har litt ulik norm for omsetjinga si, og den eine bruker konsekvent skule, medan den andre bruker skole. Forlaget synest dette er heilt greit, og på den måten får me variasjon i språket, svarar Brit Nilsen, norskredaktør i Aschehoug.
NDLA:
Nasjonal digital læringsarena (NDLA) har læreverk i dei fleste faga. På dei nynorske sidene deira, er ordet ”skole” brukt 613 gonger, medan ”skule” er brukt 787 gonger.
Reagerer
Morten Habbestad reagerer på at Samlaget Undervising berre nyttar ”skule”.
– Dersom Samlaget har bestemt seg for å skriva skole i dei nynorske lærebøkene framfor skule så tykkjer eg at det er svært uheldig, det krev ikkje så mykje å skriva skule framfor skole. Det er deira val sjølvsagt, men eg meiner at det burde ha vore ei mal som sa kva nynorsk ord ein måtte bruka når ein oversett lærebøker til nynorsk og det vil då innebera at ordet skule skal verta brukt framfor ordet skole, seier han til Framtida.no.
Kva meiner du er best? ”Skule” eller ”skole”?