Dette har du rett til når du skal ha eksamen

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 04.12.2017 17:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eksamenssesongen er i gang ved høgskular og universitet, og fram mot jul skal titusenar av studentar drillast i det dei har lært gjennom semesteret og få ei avsluttande vurdering. Eksamen og eksamensresultat kan få mykje å seie for framtida di, men veit du eigentleg kva rettar du har?

For dei fleste er det stressande nok å halde styr på alt ein skal kunne svare på under eksamen. Under har me samla sju rettar det kan vere greitt å vite om før, under og etter eksamen. Desse rettane er regulert i Universitets- og høyskoleloven og tilhøyrande forskrifter.

Variabel kunnskap om rettar

Det er vanleg å vere usikker. Studentombod ved Universitetet i Bergen, Sylvi Lervaag, fortel at ho spørsmål frå studentar om alt frå kva slags tilrettelegging ein kan få under eksamen, til korleis ein kan gå fram med klage om eksamen ikkje gjekk som han skulle.

– Dei ferskaste studentane er dei som er mest søkande etter informasjon om rettar som omhandlar eksamen, seier Lervaag, som meiner det varierer mykje kor godt studentar generelt kjenner til rettane sine.

I dag finst det studentombod ved universiteta i Bergen, Oslo, Stavanger og Tromsø, i tillegg til Høgskolen i Oslo og Akershus og Norges handelshøyskole (NHH). Dei gir uavhengige og nøytrale råd om kva rettar studentar har og korleis ein går fram for å få det ein har krav på.

Der det ikkje finst ombod, kan ein til dømes snakke med informasjonssenter ved studiestaden, studierettleiar eller studenttillitsvalde.

– Studentombodet er eit supplement til allereie etablerte tilbod, som skal vere kjent med akkurat den same informasjonen som Studentombodet sit på. Bruk dei du har som er nærast til å svare, og sjølvsagt: Søk tilgjengeleg informasjon, det er mykje som ligg ute, rådar Lervaag.

Nettstaden studentrettigheter.no har meir utfyllande informasjon om mange av rettane du har som student. Nettstaden til lærestaden du går på skal også ha oppdatert informasjon om lokale reglar og rutinar.

1. Rett til eksamen på ditt eige språk

Er du nynorskbrukar, har du rett til å få eksamensoppgåva på nynorsk. Dette er bestemt i Forskrift om målform i eksamensoppgåver: «Som hovudregel skal eksamensoppgåver i andre fag enn norsk, gitt på norsk mål, liggje føre i begge målformer. Eksamenskandidatar kan få oppgåvene på bokmål eller nynorsk etter ønske.»

Forskrifta opnar for nokre unntak, til dømes når det gjeld særleg omfattande eksamensoppgåver eller når fagterminologi manglar på ei målform. Dette må i så fall vere bestemt tre månader før eksamen, og du har rett til å klage på dette vedtaket.

Private lærestader er også unntatt frå forskrifta. Viss du studerer på ein privat høgskule, som BI, har du altså ikkje rett på eksamen på nynorsk.

Som hovudregel har du uansett rett til å levere eksamen på nynorsk eller bokmål, også om undervisningsspråket på emnet er engelsk. (Studerer du framandspråk, er det sjølvsagt ei anna sak.)

2. Rett til tilrettelegging

Viss du har nedsett funksjonsevne eller andre særskilte behov, har du rett til individuell tilrettelegging ved eksamen.

Viss du til dømes har dysleksi, eller viss du har eit born som må ammast under eksamen, kan du få ekstra tid. Du kan også søkje om å få sitje skjerma eller på eit mindre rom, å få høve til å kvile eller bevege deg under eksamen, eller å få bruke PC med retteprogram eller andre spesielle hjelpemiddel.

For å få tilrettelegging, må du søkje universitetet eller høgskulen du går på. Kva du får, kan variere noko etter kor du studerer, mellom anna på grunn av økonomiske rammer.

– Det er ein del skjønnsmessige formuleringar i lova, slik at vurderinga av skjønn ligg lokalt på lærestaden. Når det er sagt skal det vere eit likebehandlingsprinsipp: ein skal så langt ein kan behandla like tilfelle likt, seier UiB-studentombod Sylvi Lervaag.

3. Rett til å ta med ein ven på munnleg eksamen

Som hovudregel skal munnleg eksamen vere offentleg. Det vil seie at du kan invitere med heile familien, venegjengen eller fanklubben din viss du ønskjer det – så sant dei ikkje er til hinder for gjennomføringa av eksamen.

At eksamen er offentleg, tyder også at andre i prinsippet har rett til å vere publikum under din eksamen, med mindre du sjølv ønskjer å lukke eksamen og tungtvegande omsyn talar for det.

4. Rett til å få eksamensresultatet innan tre veker

Sensor har plikt til å rette eksamensbunka og setje karakterar innan tre veker, viss ikkje særlege grunnar gjer det nødvendig å bruke meir tid.

Viss du har eksamen fredag 18. november, har du altså rett på å få karakteren seinast fredag 12. desember. Har du eksamen måndag 5. desember, skal sensuren vere klar til 27. desember, første verkedag etter heilagdagane i jula. Viss du ikkje kan få sensuren til denne fristen, må lærestaden opplyse deg om dette og forklare kvifor.

Nettsida studentrettigheter.no har forklart sensurfristen nærare og lage ein kalender som viser når du har rett på å få sensuren.

5. Rett til å få grunngiving for karakteren

Same kva karakter du får, har du rett til å få ei grunngiving for karakteren frå sensor.

Ved skriftleg eksamen må du be om grunngiving innan éi veke etter at du fekk vite karakteren, vanlegvis ved å sende epost til instituttet ditt. Då har sensor to veker på seg til å gi deg grunngivinga, enten skriftleg eller munnleg. Ved munnleg eksamen må du be om grunngivinga med det same du får vite karakteren.

Å be om grunngiving er ikkje det same som å klage på karakteren. Du risikerer difor ikkje at karakteren blir endra når du bed om grunngiving, og du kan be om grunngiving sjølv om du ikkje har tenkt til å klage.

LES OGSÅ: Dette må du ikkje gjere på eksamen

6. Rett til å klage

Du kan klage om det er gjort formelle feil under eksamen, eller om du meiner du har fått feil karakter. Formelle feil kan til dømes vere feil med eksamensoppgåva du får utlevert, feil ved avvikling av eksamen, forholda i eksamenslokalet som gjer at du ikkje får gjennomført eksamen etter reglane, eller gjennomføringa av sensuren.

Viss du klager på karakteren, vil du få ein ny sensor som set ein ny karakter uavhengig av den første karakteren du fekk (blind omsensur). Det finst døme på at studentar har gått frå B til F, eller frå D til A, etter å ha klaga på karakteren. Karakteren du får etter klage, kan du ikkje klage på.

– Eg forstår godt at studentane er urolege for å klage viss det då kan føre heilt gale hen, men eg tenkjer at det skal ein ikkje eigentleg måtte vere redd for. Då må utdanningsinstitusjonane jobbe for å unngå at slike situasjonar oppstår, seier studentombod Sylvi Lervaag ved UiB.

Du kan klage seinast tre veker etter at du fekk eksamensresultatet. Viss du har bede om grunngiving for karakteren, er klagefristen tre veker etter at du fekk grunngivinga.

LES OGSÅ: Eksamens-tips frå dei beste

7. Rett til ny eksamen

Viss det har skjedd ein formell feil som ikkje kan rettast på annan måte, kan det bli sett opp ny eksamen. Du kan også få utsett eksamen viss du blir sjuk, viss du får barn eller viss nokon i nær familie døyr («konteeksamen»). Også rettssaker, militærteneste eller idrettssamlingar på høgt nivå kan telje som gyldig fråvær.

Viss du vil ta ny eksamen fordi du ikkje er nøgd med karakteren, må du rekne med å vente til neste gong det er vanleg eksamen i emnet. Normalt har du rett til å ta eksamen tre gonger i same emne. Når desse forsøka er brukt opp, kan du likevel søkje om å få dispensasjon frå grensa, slik at du kan få prøve deg fleire gonger.

FÅ FLEIRE TIPS TIL EKSAMEN HER!