«Det kunne vore oss!»

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Straumen av flyktningar er i ferd med å verta eit så stort problem at samarbeidet mellom landa i Europa kan opphøyra. Alle land vil sikra seg sjølv mot masseinnvandring, og dei utfordringane som følger med dette. Debatten om kva Noreg skal gjere med flyktningstraumen overskygger alt anna. Oljekrisa, og den stadig aukande arbeidsløysa, kjem i bakgrunnen. Så kva kan me gjera i denne situasjonen kor det ikkje er nokon vinnar?

Eit forsiktig anslag frå Utlendingsdirektoratet i januar er at det vil koma inntil 60 000 flyktningar til Noreg i 2016. Ei undersøking gjennomført av Ipsos MMI i februar 2016 syner at færre nordmenn enn året før tykkjer det er bra med innvandring. Frå undersøkinga kan ein trekkje ut at det er ei auka bekymring for manglande integrering, og kva innvandringa vil koste.

DEBATT: Det er medmenneske som druknar

Uansett kva me måtte meine om innvandrarar, er det viktig at me handsamar alle som kjem til landet vårt med respekt. Dette uavhengig av om dei flyktar frå krig eller kjem av økonomiske grunnar for å skape seg eit betre liv. Me må ikkje gløyma at nordmenn også har reist frå Noreg, både på grunn av krig og på grunn av dårlege framtidsutsikter. Me må handla på ein måte som gjer at me kan sjå oss sjølv i spegelen om nokre år. For at me skal kunne det, er det mange som må koma ned frå sin høge hest og passa på ordbruken sin.

Når ein person fyrst har kome over grensa til Noreg, må vedkommande få vurdert søknaden om opphald raskt. Dei som ikkje får godkjent søknaden sin må transporterast ut. Like raskt. For sjølv om me som nasjon må opptre menneskeleg, og oppfylla plikter etter internasjonale konvensjonar, kan me ikkje ta i mot alle som ynskjer å bu i Noreg. Ei rask sakshandsamling er difor viktig for at dei som kjem skal få ei avklaring av sin vidare skjebne.

For dei som får lovleg opphald i Noreg er det noko som peiker seg ut som særs viktig. Ei vellykka integrering! Det er viktig for flyktningane, og det er viktig for å unngå at folk vert radikalisert. Det er klart at det er meir krevjande å lykkast med integrering av flyktningar, som kjem får forferdelege forhold i heimlandet, enn arbeidsinnvandrarar frå til dømes Polen. Ein ting er likevel sikkert, og det er at alle kan bidra. Både det offentlege og privatpersonar, unge som gamle.

LES OGSÅ: Vi hugsar krisene i nyheitsbiletet

For å få ei vellykka integrering må flyktningane få ein stad å bu, språkopplæring og skulegang. Dei som kan jobba må få godkjenninga dei treng for å kome i gang. Privatpersonar kan hjelpa til på mottak, leige ut bustad, stå for språkopplæring og ikkje minst berre vera med flyktningane. Me kan ta dei med på fritidsaktiviteter, visa dei rundt og invitera dei heim. Ingen kan seie at dei ikkje har tid til dette. Vil ein bidra meir, kan ein vera besøksheim eller fosterforeldre for ein av dei mindreårige flyktningane.

Vil den store auken i flyktningar endre det norske samfunnet? Vil det gjera litt «vondt» å vere eit medmenneske, til dømes økonomisk? Svaret er ja på begge spørsmåla. Men saka er den at dette er ein konsekvens av den tida me lever i, og då må me gjera det beste ut av det. Hugs spegelen!

Les intervju med artikkelforfattaren Thea Soma Tysnes, som med dette innlegget vann Framtida sin skrivekonkurranse om innvandring og integrering.