Undervurderer risikoen i bustadmarknaden

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er E24 som omtaler undersøkinga, som er utført av Opinion for Verdipapirenes forening (VFF).

I tillegg til at mange trur det er låg risiko å investere i bustadmarknaden, viser undersøkinga at dei fleste trur det kastar mest av seg å spare i eigen bustad.

– Bustadprisane har stige 7– 8 prosent i snitt dei siste 20 åra, og den lange oppgangsperioden har nok påverka haldningane til folk, seier direktør i VFF, Bernt Zakariassen.

I undersøkinga vart respondentane bedne om å rangere tre spare- eller investeringsformer etter kva som vil høgast risiko og avkasting. Berre 17 prosent meiner eigen bustad gjev mest risiko, medan 62 prosent ventar at bustadmarknaden vil gje den høgaste avkastinga.

LES OGSÅ: Meiner norsk økonomi toler presset

Bobletankegang
Det kjem òg fram at einskildaksjar og aksjefond er det folk trur gjev størst risiko.

– Det bobletankegang utan logikk

Økonomar er uroa for tankegangen undersøkinga viser. Professor Thorsten Hens ved Universitetet i Zürich, ein leiande forskar i åtferdsøkonomi, meiner historisk avkasting har mykje å seia for framtidig avkasting.

– Det å ha opplevd 20 år med god avkasting i bustadmarknaden er forrædersk, seier Hens til E24.

LES OGSÅ: Her er verdas grønaste økonomi

USA-fenomen
Han peiker på at det same hende i USA, og det resulterte i ei stor finanskrise.

Professor ved Noregs handelshøgskule, Ola Grytten, meiner den høge og jamne auken i bustadprisar frå 1993 til i dag har gjort at folk har gløymt tidlegare dramatiske prisnedgangar.

– Det er ei vanvitig tru på eigedom. Folk er ikkje realistiske om eigen bustad. Det å tru at bustadmarknaden både skal gje høgst avkasting og låg risiko er bobletankegang. Det er ingen logikk i det, seier Grytten