Arnstad prioriterer byregionane før lyntog

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Eg har vanskeleg for å sjå at det er mogleg å prioritere lyntog og høgfartstog i den økonomiske situasjonen vi er i. Vi skal føre ein økonomisk ansvarleg politikk, og vi har andre og viktigare oppgåver på samferdselsområdet, seier Arnstad til NRK.

Med det må lyntogsatsinga i Trøndelag og på Vestlandet vente. Statsråden vil først byggje ut jernbanen for å løyse kollektivoppgåvene rundt storbyane, og særleg i Oslo-området.

– Eg er ikkje i tvil om at jernbanen er viktigast rundt dei store byane, for å kunne frakte folk til og frå arbeid og også for å spreie veksten rundt dei store byane, seier ho. Den nye nasjonale transportplanen skal leggjast fram våren 2013.

LES OGSÅ: Lyntog løner seg

– Vi kjem ikkje bort frå at Noreg er eit land der også fly kjem til å vere ein viktig del av transportarbeidet. Det gjeld ikkje berre mellom dei store byane, men også på kortbanenettet, som er avgjerande viktig for Noreg, seier Arnstad.

Lover kamp
Samferdselspolitisk talsmann for SV, Hallgeir Langeland, lover kamp for å finansiere lyntoget.

– No lagar Arnstad trøbbel for seg sjølv. Stortingsfleirtalet, alle parti unnateke Frp, har klokleg sagt at når ein bygg jernbane på Austlandet, så skal ein tenkje på heil Noreg og byggje med lyntogkvalitet slik ein no gjer i Vestfold, seier han. 

LES OGSÅ: Krev betre Bergensbane

Kva meiner du? Er det rett å prioritere jernbanen rundt dei store byane?