Aldersgrensa kan bli 16 år for elsparkesykkel

Ungdom skal vere 16 år før dei skal få lov til å køyre elsparkesykkel, meiner samferdselsminister Kamzy Gunaratnam (Ap). No kjem forslaget om å heve aldersgrensa.

NPK-NTB
Publisert

I dag er aldersgrensa 12 år. Regjeringa ber Statens vegvesen sende på høyring eit forslag om å heve aldersgrensa til 16 år, melder NRK.

Gunaratnam er uroa over at mange unge skadar seg på elsparkesykkel.

– Vi har no over fleire år sett ei ulykkesutvikling på grunn av elsparkesykkel som ikkje er til å leve med, seier samferdselsministeren.

– Det er altfor mykje uforsiktig køyring på elsparkesykkel, og andelen unge som skadar seg i trafikken, aukar. Dette er ikkje berre skrammer, men alvorlege ulykker, seier ho.

Korleis aldersgrensa skal handhevast, skal Statens vegvesen komme tilbake til etter høyringa. Gunaratnam seier det også blir arbeidd med andre tiltak for å få ned ulykkestala.

Fleire utleigeaktørar, mellom anna i Oslo, har allereie heva aldersgrensa til 15 og 16 år.