Stappfullt på UiB
Hos Universitetet i Bergen (UiB) har søkjartala vore rekordhøge. Når opptaket no er gjennomført, er det ingen ledige plassar att
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det skriv Universitetet sjølv i ei pressemelding. Det er jus, medisin og journalistikk som tronar øvst blant dei populære faga, og heile 2347 av søkjarane til jus får ikkje studieplass.
Journalistikk fekk flest søkjarar per studieplass – for kvar plass på studiet var det åtte som sette studiet som førsteprioritet.
LES OGSÅ:Lærar stal frå Auschwitz
Viktige fag
Tala gledar viserektor ved UiB, Oddrun Samdal.
– Det er spesielt positivt at me får fleire studentar innan realfag og på lektorutdanningane. Dette er studie som svarar godt på samfunnsmessige behov, og der har det blitt gjort ein ekstra innsats gjennom fleire år både nasjonalt og lokalt for å styrka rekrutteringa, skriv Samdal i pressemeldinga.
På lærar- og lektorutdanningane til UiB var det 1,8 søkjarar som sette studiet på førsteplass per studieplass, og på matematikk og naturfaga var talet 1,6 per studieplass. Totalt for UiB var det 2,2 søkjarar per studieplass som sette skulen som førsteprioritet.
LES OGSÅ:Blir nærsynt av å studere
Vil utvida
På telefonen er viserektor Samdal framleis nøgd, men torer ikkje å rekna UiB som stapp full heilt endå.
– Det vil visa seg. Med høg konkurranse om studieplassane betyr det og at dei har mange valmoglegheiter. Då er det ikkje garantert at dei kjem til oss, om dei kan komma inn andre stader. Me sender ut brev no for å sikra at så mange som mogleg vil komma hit.
Med så høg pågang håpar Samdal at UiB kan utvida tilbodet.
– Me er interesserte i å auka studiekapasiteten, og har gitt signal til Kunnskapsdepartementet om det. Vil dei tildela oss fleire plassar, er me interessert i å bygga ut meir, seier Samdal. UiB har endå ikkje fått noko signal om at det kan bli ein realitet.
Samdal opplyser om at dei allereie har fått tilsegn på nye studieplassar til jusfaga frå Kunnskapsdepartementet.
Faktaboks
Topp ti studieprogram ved UiB, rangert etter førsteprioritetssøkjarar per studieplass:
Journalistikk – 8
Film- og TV-produksjon – 7,8
Matematikk – 4,4
Rettsvitskap – 4,1
Generell psykologi – 4,1
Arbeids- og organisasjonspsykologi – 4
Musikkterapi – 4
Medisin – 3,9
Arabisk – 3,5
Samfunnsøkonomi, årsstudie – 3,4