Kritikkverdig kritikk av Operasjon Dagsverk

Ingunn Therese Ruus frå OD sin distriktskomité i Rogaland og Therese Gerhard-Lihaug
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Operasjon Dagsverk (OD) har sidan 1964 gitt norske skuleelevar moglegheita til å gi bort ein dag av si utdanning i solidaritet med ungdom i andre land. Dette er ein stolt og lang tradisjon som blir verdsett av unge og gamle rundt i heile landet.  

I mars i år valde eit overveldande fleirtal av representantane på Elevtinget, Elevorganisasjonens øvste demokratiske organ, at årets OD-midlar skal gå til KFUK-KFUM Global sitt arbeid i Palestina.

Under slagordet «Fridom til å leve», set årets OD-prosjekt søkelys på palestinsk ungdom som er født inn i ein konflikt som dei sjølve ikkje var med på å starte, men som dei må leve med konsekvensane av. 

Fleire ungdomar fortel at dei har opplevd grov hets og vert skulda for å bidra til terrorisme og jødehat 

Årets Operasjon Dagsverk fokuserer på traumebehandling, likestilling og rettskravsarbeid blant palestinsk ungdom. Dette er ikkje meir radikalt enn tidlegare OD-prosjekt, men likevel har OD vore utsett for ein svertekampanje frå organisasjonar med fiendtlege syn på Palestina.

Fleire ungdomar fortel at dei har opplevd grov hets og vert skulda for å bidra til terrorisme og jødehat ved å støtte årets Operasjon Dagsverk.

Dette synest me er veldig problematisk og krenkande.

Operasjon Dagsverk og KFUK-KFUM Global har fleire gongar vore tydelege på at dei tek kraftig avstand frå alle former for rasisme, og dei anerkjenner Israel som ein legitim stat.

Dette inneber at sjølv om årets Operasjon Dagsverk arbeider for palestinske ungdomar inneber det ikkje at dei arbeider mot Israel.

Les også: Operasjon Dagsverk vert kalla antisemittar, jødehatarar og nynazistar

Operasjon Dagsverk trur på ungdom!  

Det å vekse opp i ei konflikt gjer livet vanskeleg for mange palestinske ungdomar.

Traume, angst og depresjon på grunn av fengselsstraffer gjer at mange droppar ut av skulen og mistar utdanninga dei har krav på. I tillegg kan desse rettssakene ofte vere urettferdige eller ikkje ha ein lovleg rettsgang.

Det er difor OD i år fokuserer på psykisk helse og traumebehandling. Gjennom å arbeide med opplevingane sine får ungdomane hjelp til å kome attende på skulen eller i arbeidslivet.

Likestilling er ein annan viktig komponent i årets OD-prosjekt.

Sjølv om årets Operasjon Dagsverk arbeider for palestinske ungdomar inneber det ikkje at dei arbeider mot Israel

Palestinske kvinner har alt for ofte ikkje dei same rettane og moglegheitene som menn. På tross av at kvinner jamt over har høgare utdanning, ser ein at dei er svært underrepresenterte i maktposisjonar. Gjennom OD bidreg norske skuleelevar til at stemmene til unge kvinner vert høyrde og at alle ser verdien av eit meir likestilt samfunn.  

Vidare får ungdom auka demokratiforståing, og kjennskap til ikkje-valdelege verkemiddel som dei kan bruke i arbeidet for ei fredeleg framtid. På denne måten får unge palestinarar moglegheita til å ta grep om si eiga framtid.

Det er dette Operasjon Dagsverk i år støttar.

Derfor vert me trist av å sjå at vaksne menneske skuldar både OD og KFUK-KFUM Global for å ha skjulte agendaer og antisemittiske haldningar når dei i realiteten arbeider for at ungdomars grunnleggjande menneskerettar vert ivaretekne.

Dette burde ikkje vere kontroversielt.

Me vil oppmode alle til å støtte Operasjon Dagsverk med å anten tilby jobb til ein elev på OD-dagen den 1. november, eller ved å jobbe sjølv viss du har moglegheit til det. 

Me er mange som støttar ungdomar sin kamp for ei meir rettferdig verd. Fordi alle fortener fridom til å leve!  

Les også: «OD nedkjempar netthets med kjærleik»

Les også diktet «Barn av okkupasjonen»!