Barn av okkupasjonen
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
når kampen blei starta før di tid
og du likevel under den lid
Utan å få fylt dine menneskerettigheiter
du etter håp alltid leiter
Når arva du får er hat, kamp og lengsel
med evige minner om netter i fengsel
Når din heim er busett av nokon andre
kven kan ein då ellers klandre?
Å kaste ein stein mot ein mann, ein mur
det er nok til å havne i bur
Kor mange minutt er seks månader av ein barndom
kor lange kjennes dei i stengde rom?
Du veit aldri neste gang det smell
om du mister livet eller har hell
Når dei rundt deg blir skutt ned
då kan du miste håpet om fred
Å bli fødd inn i urettferd
nærast utan menneskeverd
Korleis lege alle sine sår
når okkupasjonen framleis rår?
Politikk og samfunn
«Vi er stolte av det tydelege og sterke bandet LO har til venstresida»
Politikk og samfunn