Slavehald av husnissar, diskriminering av vareulvar og soningsforholda i Azkaban står på pensum.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Snart kan studentar det nasjonale universitetet i Vest-Bengal i nord-austlege India lære juss-prinsipp ved hjelp av Harry Potter, melder BBC.
Både Game of Thrones og Star Trek var oppe til vurdering, men valet fall på Harry Potter, som er enormt populær i landet.
Kurset har oppstart i desember og skal vare til midten av april. Dei 40 plassane er allereie fulle.
Hjernen bak kurset, professor Shouvik Kumar Guha, fortel at kurset er eit eksperiment som skal oppfordre til kreativ tenking.
Les også: Kva er greia med Harry Potter?
Frå fantasi til verkelegheit
Kurset heiter An Interface Between Fantasy Fiction Literature and Law: Special Focus on Rowling’s Potterverse.
Pensumet skal oppfordre studentane til å drage parallellar mellom den magiske verda og det indisk samfunnet, der diskriminering, tortur og slaveri framleis er eit problem mange stadar.
Ifølgje The Guardian håpar Guha at Potter-universet skal vere ein arena der studentane ikkje er førutinntekne i verdi-dommane sine, og at måten studentane tolkar handlingar i bøkene vil føre til at dei reflekterer litt meir kring scenario frå verkelegheita.
– Studentane våre trur diskrimineringa som føregår i Potter-universet er noko dei alle er samde om er feil, men i verkelegheita vil der vere tilfelle som nokre ser som diskriminering og andre ikkje, seier professoren.
Studentane skal difor granske korleis vesen som husnissar, kentaurar og kjemper er marginaliserte i samfunnet, og korleis avisa Aftenprofeten vert eit verkty for propaganda.
BBC skriv at pensumet til kurset vil innehalde nokre av dei følgjande temaa:
- Dei juridiske tradisjonane og institusjonane, inkludert fridom og rettssikkerheita i eit magisk samfunn, og byråkratiet i Magidepartementet.
- Utilgjevelege forbanningar, Wizengamot rettssakene, uskulda til Severus Svaart og straffeforfølginga av Tom Venster.
- Sosiale verdiar, identitet og klasserettane som illustrert av slavehaldet av husnissar eller marginaliseringa av varulvar, kjemper og kentaurar.
- Kontraktar og agens – til dømes, dei ubrytelege løftene og Slur og Føniks-ordenen.
- Rumpeldunk og sportsrett på Galtvort.
Les også: Lukke vert pensum på indiske skular
Populærkultur på pensum
Dette er ikkje første gong Harry Potter vert nytta som utgangspunkt for eit fag. Allereie i 2010 tilbydde Universitetet i Durham eit fag i pedagogikk-utdanninga, som nytta Potter-universet som utgangspunkt for å granske fordommar, statsborgarskap og mobbing i dagens samfunn.
Her til lands har også universitet og skular late seg inspirere av populærkultur. I fjor haust prega Skam-fag både den digitale historieforteljinga og religionsstudium, samstundes dukka Noora opp på norskeksamen.
Les også om korleis SKAM har påverka identitetsarbeidet til skeive ungdomar.