Lykke blir pensum på indiske skular

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lykke blir pensum på indiske skular

Det nye faget vart lansert av Dalai Lama, Tibet-buddhistanes åndelege leiar, og er ein del av eit initiativ for meir heilskapleg utdanning.

Dermed får opp til 1 million skuleelevar frå barnehagealder til tenåringar på 1.000 skular opplæring i nærvære, meditasjon, moral og andre mentale øvingar som har som føremål å lære elevane å bli gode menneske.

Ifølgje Dalai Lama vil denne typen undervisning gjere det lettare for elevane å handtere sinne, hat, angst og frykt.

– Lykke-timane skal fokusere på god mental helse, å byggje karakter og gjere elevane motstandsdyktige, seier viseminister Manish Sisodia.

Les også: Defensiv i eige liv

Har vore eit ulukkeleg land, men no tek India lukke på alvor

Sidan januar har 50 personar jobba med å utarbeide pensumet til elevane, og 50.000 lærarar er klare til å undervise i lykke i skuletimar som varer i 45 minutt.

Det nye pensumet er eit resultat av at India i 2016 fekk eit eige lykkedepartement som skal jobbe for at innbyggjarane i landet skal bli lykkelegare. India er rangert som eitt av verdas minst lykkelege land og kom i 2018 på 133.-plass på FNs liste med 155 land.

Les også: «Eg håpar det skal bli greitt å seie: – Eg jobbar med meg sjølv».