Nynorsken får eit endå mindre kakestykke i kulturbudsjettet
Kvart år dei siste åra har nynorskrørsla åtvara mot at nynorskdelen i kulturbudsjettet krympar. I år utgjer støtta berre litt over 2,5 prosent av kulturbudsjettet. Det er mindre enn nokon gong sidan Erna Solberg blei statsminister.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fleire nynorskorganisasjonar hadde håpt på at tidenes første kulturminister frå Venstre skulle sikra eit løft for nynorsken.
I statsbudsjettet ligg det an til ein samla nynorsk-vekst på rett over 2,5 prosent. Det er mindre enn det regjeringa reknar som gjennomsnitleg lønsvekst. Veksten i heile kulturbudsjettet er på 4,5 prosent.
Aukar
Det Norske Samlaget er blant vinnarane av nynorskinstitusjonane, og får éin million kroner til digitale satsingar på lydbøker og då særleg serieromanar på nynorsk til barn og unge.
Nynorsk Kultursentrum jubla over å få 8,4 millionar kroner til bygging av Vinjesenteret, men seier i ei pressemelding at dei saknar auka driftsstøtte for tilsetja folk til å laga innhaldet til Vinjesenteret startar opp.
Inne i varmen – men uviss framtid for barnesatsing
Dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Vidar Høviskeland, seier i ei pressemelding at han er nøgd med at organisasjonen no er inne igjen på statsbudsjettet etter at støtta til organisasjonen har blitt stroke i kvart statsbudsjett sidan 2014. Sidan den gongen har driftstilskotet til LNK blitt redda av budsjettforlik i Stortinget.
LNK har søkt om ein auke i støtta på 1,2 millionar kroner, der 700.000 skulle gått til Framtidajunior.no og 500.000 til Framtida.no. Kulturdepartementet føreslår å auka støtta med berre 35.000 kroner frå 1,51 millionar i dag.
– No håpar me at Stortinget kan vera med på å sikra støtte til det viktige digitale nynorskløftet for barn, Framtidajunior.no, seier Høviskeland.
Inga støtte til nynorskrobot
I desse dagar utviklar NTB og Nynorsk pressekontor ein «nynorskrobot» som skal kunne omsetja alle tekstar til nynorsk. Målet er å gjera nynorsken meir tilgjengeleg. Men NPK får ikkje auke i støtta til nynorskroboten.
Noregs Mållag er kritisk.
At det ikkje var rom i budsjettet til nynorskroboten til Nynorsk pressekontor eller eit løft for det gode arbeidet Framtida.no gjer for nynorsk på nett, gjer dei uroa for framtida til nynorsken i den digitale verda.
– Stortingshandsaminga vil syna kva vilje som ligg i det politiske fleirtalet for å retta opp dei negative sidene av dette budsjettet for nynorskbrukarane, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.
For ordens skuld: Framtida.no og Framtidajunior.no blir drivne av Landssamanslutninga av nynorskkommunar.