Samlaget får 1 million til digital-satsing

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Millionen skal gå til Samlaget sitt arbeid med å styrkje nynorsk innhald digitalt, det vil seie lydbøker og da særleg serieromanar på nynorsk til barn og unge.

Regjeringa vil ellers setje av 6,5 millionar kroner til Norsk kulturfond og styrking av kvalitet og formidling av barne- og ungdomslitteratur. Dei vil òg setje av 1 million ekstra til forsking på barne- og ungdomslitteratur ved Norsk barnebokinstitutt og 1 million ekstra til auka informasjons- og formidlingsarbeid ved Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek.

Les også: Nynorsk litteraturhistorie blir tilgjengeleg på nett

Leselyst for barn og ungdom sentralt

– I 2019 skal norsk litteratur bli løfta til nye høgder, der leselyst og kvalitet for dei viktigaste lesarane våre, nemleg barn og ungdom, blir heilt sentralt, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Regjeringa følgjer òg opp satsinga på bokmessa i Frankfurt i 2019 med ei løyving på 15 millionar kroner til Noreg som gjesteland. Satsinga fekk eit like stort beløp på budsjettet for 2018.

Regjeringa har ellers tildelt Nasjonalbiblioteket 30 millionar kroner av spelemidlane til styrking av litteraturformidlinga i biblioteka og andre institusjonar som fremjar leselyst.

Les også: Ferrante-roman blir spelefilm