– Me har nesten ikkje snakka noko om det på skulen, seier Eldrun Frøya Einarsdotter (15) og Johanne Aarvik Myhre (15).
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Læreplanen i skulen slår fast at barn frå 5.-7.trinn skal læra om kjærleik og respekt og variasjon i seksuell orientering og samliv. Men då Framtida.no snakka med born og ungdom på Leirvik under Storapride, så var det mange som ønskte meir informasjon i skulen tidlegare.
– Me kunne godt snakka meir om det. Eg trur det er viktig for barn og unge å vita at det ikkje er noko galt å bli forelska i nokon av sitt eige kjønn, seier Eldrun Frøya Einarsdotter (15).
– Forvirrande
– Læraren vår var ganske flink til å ta det opp, og for oss blei det veldig naturleg, seier Ida Øyehaug. Korkje ho eller kjærasten Emilie Ueland har møtt ein einaste negativ kommentar etter dei blei i lag. Familie og venner har tatt det heilt fint.
– Eg er bifil, og er opptatt av at det kjem fram at det finst mykje meir enn homo og hetero, seier Ida Øyehaug.
Ho meiner det burde snakkast tidlegare i skulen om at det finst ulike typar legningar og kjønnsidentitetar.
– Det var forvirrande då eg fekk følelsar for begge kjønn. Eg trur det hadde gått fortare å finna ut av ting viss me hadde snakka om det i skulen tidlegare, seier 18-åringen.
LES OGSÅ: Regnbogeordlista
– Går fint å ha to mammaer
Kjønnsidentitet og seksuell orientering står førebels ikkje på pensum i 1.-4.klasse.
– Eg synest me skulle hatt meir om det på skulen, seier Adine Eriksen Tverborgvik (9). Ho går i fjerdeklasse på Leirvik skule, og har vore med i Storapride saman med venninna Nora Erichsen.
– Kusina mi har to mammaer, fortel Nora Erichsen.
– Me feirar at kjærleiken kan koma i mange fargar, seier Adine før ho gjekk i toget saman med minst 2000 andre.
LES OGSÅ: Tara (16) i spissen for fleire tusen i Storapride
– Forskjell på skulane
10.klassingane Thea Børve, Kathrine Paulsen, Cecilie Nøtland og Julie Aarre fortel at det er forskjell på kor mykje lærarane fortel om seksuell orientering og kjønnsidentitet.
Læraren til tre av 10.klassingane, som kjem frå Nysæter ungdomsskule, heldt appell på Torget under Pride.
– Ho har snakka mykje om det, og me har lært at det er heilt normalt, seier Julie Aarre.
– På Stord ungdomsskule er det ikkje så mange som har snakka om det, seier Kathrine Paulsen.
SU-leiar: – Start tidlegare i skulen
Tara Wiers Kvamme er leiar i Stord SU som arrangerte Storapride.
– Eg trur det er viktig få det inn i skulen, slik at ein får det meir akseptert. Eg meiner lærarane må informera om dette tidlegare enn i dag, seier ho.
Det neste året skal det lagast nye læreplanar som skal gjelda frå hausten 2020. Kvamme håpar dei nye læreplanane startar endå tidlegare med å fortelja born om at det finst forskjellige seksuelle orienteringar og kjønnsidentitetar.
Sjå video frå Storapride under:
Dette seier læreplanane
Samfunnsfag i ungdomsskulen:
- gje døme på korleis oppfatningar om forholdet mellom kjærleik og seksualitet kan variera i og mellom kulturar
- analysera kjønnsroller i skildringar av seksualitet
Naturfag i ungdomsskulen:
- formulera og drøfta problemstillingar knyta til seksualitet, seksuell orientering, kjønnsidentitet, grensesetting og respekt
KRLE i ungdomsskulen:
- reflektera over etiske spørsmål knyta til mellommenneskelege relasjonar, familie og venner, samliv, heterofili og homofili, ungdomskultur og kroppskultur
Samfunnsfag i 5.-7.trinn:
- samtala om kjærleik og respekt, variasjon i seksuell orientering og samliv og familie og diskutera konsekvensar av manglande respekt for ulikskap
Naturfag i 5.-7.trinn:
- forklara kva som skjer under puberteten og samtala om ulik kjønnsidentitet og variasjon i seksuell orientering