Færre norske studentar tek heile studiet i utlandet
Nesten 25.000 nordmenn studerte i utlandet sist undervisningsår. No ønskjer forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) at fleire reiser ut.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Delen av den norske studentmassen som studerer i utlandet, har halde seg stabil på rundt 13 prosent dei siste åra.
Men sidan 2016 har det vore ein liten nedgang i studentar som tek heile graden i utlandet, mens talet på studentar som tek delar av studiet i utlandet, har auka, ifølgje tal frå Lånekassen.
Les også: Rekordmange norske elevar vil gå på skule i Frankrike
Rekordmange tek delar av studia i utlandet
Totalt studerte 24.974 norske studentar i utlandet i undervisningsåret 2017–2018. Auken frå førre det undervisningsåret er på 133 studentar, men det kjem av at rekordmange norske studentar tek delar av studiet i utlandet.
Heile 8.312 nordmenn gjorde unna delar av studiet i utlandet i fjor, noko som er 455 fleire enn året før.
Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) meiner at vi ikkje er i mål. Ho ønskjer at fleire tek utdanning i utlandet.
Les også: Stina valde å studere i London
Internasjonalt samarbeid viktig
– Det er positivt at det er ein auke i studentar som tek ein del av utdanninga si i utlandet. Internasjonalt samarbeid er ein føresetnad for den globale kunnskapsutviklinga og for å sikra kvalitet i norsk høgare utdanning. Vi ønskjer at endå fleire reiser ut, seier ho.
Nybø legg til at det trengst ein grundig gjennomgang for å finna ut kva som kan gjerast for at fleire skal ta delar av eller heile utdanninga si i utlandet.