Else Kåss Furuset opna huset sitt for å førebyggje sjølvmord

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I samband med verdsdagen for førebygging av sjølvmord måndag inviterte Furuseth til ein minifestival i si eiga 100 m² leilegheit på Bislett i Oslo.

Oppdelt i ti puljar på rundt 100 menneske kvar, fekk dei som hadde meldt seg på sleppe inn til musikk, prat, vaflar og kaffi frå tidleg morgon til seint på kveld.

– Vi er her i dag fordi det kvart år er fire gonger så mange som døyr i sjølvmord som i trafikken, men vi høyrer ikkje så mykje om desse dødsfalla.

– Eg trur med handa på hjarta at dersom fleire hadde vore samla som dette, masse folk på få kvadrat, så hadde færre følt seg einsame, sa Furuseth då ho ønskte velkommen til første pulje tidleg måndag morgon.

Komikaren Else Kåss Furuseth passa på å skilte godt så ingen gjekk feil. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix / NPK

Les også: Tinder: Kva tid grein du sist

Ny TV-serie

Furuseth har sjølv mista både mor og bror i sjølvmord. Dei siste åra har ho hatt stor suksess og fått fleire priser for førestillinga «Kondolerer», der ho fortel om den dramatiske familiehistoria.

Måndag kveld har Furuseth også premiere på den nye TV-serien «Else: Om Selvmord» på TV Noreg og Dplay.

– Gjennom serien ønsker eg å vise at det er du og eg som medmenneske som verkeleg kan bety ein forskjell i kvardagen blant venner, familie og kollegaer.

– Det er hovudpoenget eg også prøver å banke inn med dette arrangementet. Du er ikkje åleine. Der det er hjarterom, er det husrom, seier Kåss Furuseth.

– Eg trur det har hatt ei utruleg betyding, sa statsminister Erna Solberg, om Kåss Furuseth si openheit kring temaet sjølvmord. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix / NPK

I den første puljen av besøkjande fekk Furuseth storfint besøk av statsminister Erna Solberg (H). Ho meiner komikaren har betydd mykje for å auke forståinga for problematikken i Noreg.

– Eg trur det har hatt ei utruleg betyding. Det at ho som pårørande fortel, kan kanskje gi mange av dei som går rundt og er deprimerte og vurderer sjølvmord, ein tanke om korleis det blir opplevd for resten av familien, seier Solberg til NTB.

Les også: – Menn må våge å grine framfor andre

Fullbooka på få timar

Solberg varsla måndag at regjeringa har ein ny handlingsplan mot sjølvmord på trappene. Regjeringa har blant anna gitt Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet i oppgåve å finne ut kva tiltak som har dokumentert effekt.

– Det offentleg har eit ansvar, men vi som medmenneske har også eit ansvar for å vere opne, treffast og snakke med folk. Så må vi lære barna frå dei er små korleis dei skal sortere og handtere vanskelege følelsar. Det er no inne i dei nye fagplanane for skulen, fortalde statsministeren.

Ei rekke artistar og komikarar tar turen innom Furuseths leilegheit måndag for å spele og snakke om temaet. Berre timar etter at invitasjonen vart lagt ut på Facebook-sida hennar tidlegare i haust, var arrangementet fullteikna.

– Openheit kan bli eit litt holt ord. Men eg håpar eg kan vise kva det kan bety heilt konkret her i dag, sa Furuseth til dei mange frammøtte som mingla rundt i leilegheita hennar.

Les også: Helsesista får «Tabuprisen 2018»