Sju kule ord du burde ta i bruk
Er du av det litt mystiske slaget som vel orda som kling fint men som ikkje alle visste fantest? Eller garderar du og vil gjere deg forstått? Her er sju ord du kanskje ikkje visste fantest på nynorsk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Trebjørn
Du veit, den kjappe, litt nysgjerrige som hoppar frå grein til grein og frå tre til tre. Det er ekornet vi snakkar om her. Dette ordet finst òg på bokmål.
Bustyvel
Bustyvel heiter i følge ordboka bu(r)stígull på norrønt. Ordet kjem av bust og igle. Igle står for noko som stikk. Ordet bustyvel kan ein òg bruke om nokon med bustete hår.
Skinnvenge, skinnvengje eller kveldskingle
Dei fleste av oss brukar ordet flaggermus. Det kjem av tysk: Fledermaus, flagge og mus. Men skinnvenge og kveldskingle kan ein også bruke om skapningen som søv opp ned. Ordet finn du òg på bokmål. Da heiter det skinnvinge.
Fivreld
Fivreld er i ordboka forklart som eit insekt med store, skjeldekte venger. Fivreld er forklart som både sommarfugl og marihøne. Dette ordet kjem òg av norrønt fífrildi og beskriv truleg opphavleg noko som rører seg ujamt.
Les også: Nynorsk ER mykje tøffare enn bokmål
Og så litt bort frå dyreriket og over til andre kategoriar.
Turvande
Turvande kan du bruke om noko som er nødvendig eller naudsynleg. Ein kan til dømes seie at det er turvande å kjøpe nye sko, eller at det er turvande med eit regjeringsskifte.
Eldhug
Ordet er kanskje sjølvforklarande? Ordboka forklarer iallfall med sterk iver, entusiasme og lidenskap.
Les også: Vil styrke nynorsken med omsetjingsrobot
Åtgaum
Om du vekker åtgaum, så blir du lagt merke til.
Les også: 12 kule ord du berre finn på nynorsk